Hopp til hovedinnhold

Labb eller pote?

Spørsmål

Ein omsetjar av eit manus hos oss meiner at ekornet held ei nøtt mellom «hendene». Det skurrar for meg, men kva er det eigentleg ekornet har? Labb? Eller pote?


Svar

Både pote og labb er rett, men vi held ein knapp på ikornlabbar/ekornlabbar, særleg dersom manuset er på nynorsk.

Rett nok er ikornet nokså hendt, til liks med musa. Men ordet hand bør nok reserverast mest mogleg for menneske og aper. Ikornet er ein gnagar, og alle kjenner til ein gnagar som har labb, nemleg haren.

I den dansk-norsk-språklege Lærebog i zoologi for middelskolen (1900) står det at «poter er fødder med klør», og at gnagarar har slike. I denne boka manglar alle dyr norske labbar, men landsmålsutgåva har labbar same stad i teksten. Ikornet har her framlabbar/framføter der originalen (Lærebog …) har forpoter. Verdens dyreliv (1972) har òg «ekornlabber».

Går vi til skjønnlitteraturen, finn vi «ekornlabbene» hos den største av autoritetane på skogens dyr, Mikkjel Fønhus.

Somme meiner at pote høver best om labbane på små dyr, men dette har ikkje noko grunnlag i særnorsk tradisjon. Det kjem helst av at pote tradisjonelt er meir eit byord enn labb er, slik at pote har vore mest brukt om labbane på mindre kjæledyr. I dansk er lab dessutan reservert for labbane på større dyr, og dette mønsteret har prega norsk skrifttradisjon, særleg bokmål. Nokon harelabb fer dei altså ikkje med i Danmark, derimot nyttar dei harefod (men det faste uttrykket er lite brukt i Danmark no). I norsk har det forresten like gjerne heitt harefot, og i dei fleste dialektar i aust og vest er det tradisjonelt -a- i samansetning: haralabb og harafot.

I nyare tid ser det ut til at pote er i ferd med å bli innsnevra til trøputene (ballane) under labbane. Dette kan vera ei nyttig særtyding, men ho er ikkje etablert i ordbøkene.

Om basen

Artiklene i svarbasen er skrevet av rådgivere i Språkrådets svartjeneste. Svarene er basert på spørsmål vi har fått på e-post og telefon de siste 10–15 årene. De fleste artiklene er satt sammen av flere spørsmål og svar om samme emne, og spørsmålsstillerne er anonymisert. Artiklene justeres når det er grunn til det. Alt innhold i svarbasen kan regnes som gyldig.

I de fleste artiklene finner du et kort svar i ingressen, altså det første avsnittet, som står med feit skrift. Ikke hopp over det! Resten av teksten i hver artikkel er for de ekstra interesserte og tålmodige.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.