Hopp til hovedinnhold

Enhet på nynorsk

Spørsmål

Kva ord skal eg bruka for enhet? Kan eg skriva einheit?


Svar

Du kan bruka eining eller einskap, men ikkje om einannan! Det spørst kva du har i tankane.

Einskap = unity

Når enhet betyr ‘samanheng, heilskap, samhald’, er einskap det rette («finna einskapen i mangfaldet», «fremja einskap mellom landa»).

Eining = unit

Når du siktar til enhet i tydinga ‘sjølvstendig del (av ein større heilskap)’ eller ‘grunnstorleik i eit målsystem’, heiter det eining på nynorsk («militære einingar», «produsera 100 einingar om dagen», «mynteininga er pund»).

Einheit = ?

Einheit står ikkje i Nynorskordboka, for eining og einskap er dei innarbeidde orda. Men om ein ikkje er interessert i å nyansera slik som i engelsk og tradisjonell nynorsk, kan ein saktens bruka ordet einheit i staden.

Om basen

Artiklene i svarbasen er skrevet av rådgivere i Språkrådets svartjeneste. Svarene er basert på spørsmål vi har fått på e-post og telefon de siste 10–15 årene. De fleste artiklene er satt sammen av flere spørsmål og svar om samme emne, og spørsmålsstillerne er anonymisert. Artiklene justeres når det er grunn til det. Alt innhold i svarbasen kan regnes som gyldig.

I de fleste artiklene finner du et kort svar i ingressen, altså det første avsnittet, som står med feit skrift. Ikke hopp over det! Resten av teksten i hver artikkel er for de ekstra interesserte og tålmodige.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.