Hopp til hovedinnhold

Advent og adventstid – uttale og samansetning

Spørsmål

Korleis skal advent uttalast? Og heiter det advent- eller advents- i samansetningar?


Svar

Advent kjem av latin adventus Domini, altså ‘Herrens kome’. Det blir som kjent brukt om dei siste vekene føre jul, som er dei fyrste vekene av kyrkjeåret.

Uttale

Ordet blir uttalt med trykk på fyrste stavinga og med tostavingstonelag (tonem 2). I dialekt har trestavingsforma advente (og adventa) òg vore utbreidd.

Samansetningar

Samansetningar med advent får oftast -s- i skriftmålet. I Tanums store rettskrivningsordbok (bokmål) står samansetningane adventsfarge, adventskalender, adventslys, adventspreken, adventssøndag, adventstid. I Nynorskordboka står adventskalender, adventskrans, adventsstake, adventssundag, adventstid.

(På Svalbard har vi likevel Adventfjorden og Adventdalen, men desse namna har eit heilt anna opphav enn advent, sjå Store norske leksikon.)

Hjå Alf Prøysen finn vi «Adventvise», som viser at -s- tradisjonelt ikkje er einerådande i norsk.

Særleg i nynorsktradisjonen ser ein ofte samansetningar med advent utan s. Hovudgrunnen er nok at advent er eit hokjønnsord, og at -s opphavleg ikkje er ei genitivsending for hokjønn.

Samansetninga adventstid

Eit anna spørsmål (som Språkrådet har fått fleire gonger) er om ordet adventstid eigentleg trengst. Oftast gjer det nok ikkje det. Advent åleine står for ‘adventstid’, jamfør uttrykka i advent(en) (bokmål) og i adventa (nynorsk). Men det er ikkje gale å leggja til -tid.

Om basen

Artiklene i svarbasen er skrevet av rådgivere i Språkrådets svartjeneste. Svarene er basert på spørsmål vi har fått på e-post og telefon de siste 10–15 årene. De fleste artiklene er satt sammen av flere spørsmål og svar om samme emne, og spørsmålsstillerne er anonymisert. Artiklene justeres når det er grunn til det. Alt innhold i svarbasen kan regnes som gyldig.

I de fleste artiklene finner du et kort svar i ingressen, altså det første avsnittet, som står med feit skrift. Ikke hopp over det! Resten av teksten i hver artikkel er for de ekstra interesserte og tålmodige.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.