Hopp til hovedinnhold

Kronebeløp: rekkjefølgje, komma og strek

Spørsmål

Skal ein skrive beløp med eller utan komma og strek, altså «kr 500,–» eller «kr 500»? Og skal kr stå føre eller etter talet? Kva med NOK?


Svar

Alt er i og for seg rett, men skriv gjerne på den enklaste og mest naturlege måten, altså 500 kr, når det ikkje er nokon spesiell grunn til å bruke andre variantar. NOK står helst føre talet, men er berre brukt der det er viktig å presisere valutaen.

Merk at ein eventuell strek er tankestrek, ikkje bindestrek, og at komma og strek aldri må brukast etter eit ørebeløp. Streken står for 00 øre. Etter kr skal det ikkje stå punktum, bortsett frå til slutt i setningar, sjølvsagt.

I tale er den naturlege rekkjefølgja å ha talet fyrst. I vanleg tekst er 500 kr (eller helst 500 kroner) i utgangspunktet det beste. I visse oppstillingar kan det vere rett å snu på det.

Er det tale om fleire valutaer i teksten, bør ein skrive nkr i staden for kr. Den internasjonale valutakoden er NOK, og det er vanleg å setje han føre talet (utan kr etter).

Det er ingen grunn til å bruke nkr eller NOK dersom kr er eintydig i samanhengen.

Om basen

Artiklene i svarbasen er skrevet av rådgivere i Språkrådets svartjeneste. Svarene er basert på spørsmål vi har fått på e-post og telefon de siste 10–15 årene. De fleste artiklene er satt sammen av flere spørsmål og svar om samme emne, og spørsmålsstillerne er anonymisert. Artiklene justeres når det er grunn til det. Alt innhold i svarbasen kan regnes som gyldig.

I de fleste artiklene finner du et kort svar i ingressen, altså det første avsnittet, som står med feit skrift. Ikke hopp over det! Resten av teksten i hver artikkel er for de ekstra interesserte og tålmodige.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.