Hopp til hovedinnhold

Pågripa på nynorsk?

Spørsmål

Kan ein bruka verbet pågripa på nynorsk? I Nynorsk ordliste står verbalsubstantivet pågriping, men ikkje verbet pågripe eller pågripa.


Svar

Ja. Pågripa er oppført i dokumentasjonsordboka Norsk Ordbok. Sidan 2016 har ordet òg stått på lista over ord av dansk og tysk opphav som kan førast opp i nynorske ordbøker og ordlister til skolebruk, da med merknad om at ordboka eller ordlista bør ha tilvising til meir tradisjonell uttrykksmåte.

Ordet har no kome inn i Nynorskordboka med definisjonen ‘arrestere (på grunnlag av mistanke); gripe; hekte’. (Merk at ein ikkje kan arrestera nokon utan mistanke eller dom.) I Jon Gisles Jusleksikon står det at anholdelse, pågripelse og arrestasjon er synonym.

Bøyinga er slik:

å pågripe/pågripa – pågrip – pågreip – har pågripe (oftast uttalt /har pågrepe/)

Det stemmer at verbet pågripa kom seinare inn i nynorsk enn partisippet pågripen og verbalsubstantivet pågriping.

Før skulle ein helst bruka meir folkelege synonym, som arrestera eller hekta, sjå dette utklippet frå ordboka Med andre ord av Magne Rommetveit:

Skal ein bruka gripen eller knipen, bør ein leggja til noko, som av politiet eller for det og det.

Ein som er pågripen, er mistenkt og kanskje sikta, men er ikkje fengsla i tydinga ‘dømd til fengselsstraff’. Innan tre dagar etter pågripinga skal ein framstillast for tingretten, som kan gje orskurd om varetektsfengsling (i opp til fire veker).

Om basen

Artiklene i svarbasen er skrevet av rådgivere i Språkrådets svartjeneste. Svarene er basert på spørsmål vi har fått på e-post og telefon de siste 10–15 årene. De fleste artiklene er satt sammen av flere spørsmål og svar om samme emne, og spørsmålsstillerne er anonymisert. Artiklene justeres når det er grunn til det. Alt innhold i svarbasen kan regnes som gyldig.

I de fleste artiklene finner du et kort svar i ingressen, altså det første avsnittet, som står med feit skrift. Ikke hopp over det! Resten av teksten i hver artikkel er for de ekstra interesserte og tålmodige.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.