Hopp til hovedinnhold

Til overmål eller til alt overmål?

Spørsmål

Stadig oftare ser eg folk skrive «til alt overmål» der eg sjølv ville nøgd meg med «til overmål». Kva er rett?


Svar

Kort sagt: Det tradisjonelle er «til overmål». Vi kan tilrå å bruke det. «Alt» kan vere innblanda frå andre uttrykk.

Ei grundigare vurdering følgjer nedanfor.

Eit søk i aviskjelder viser tilhøvet mellom uttrykka over tid:

Den blå kurva er litt misvisande, for han viser òg bruken av uttrykket til overmål i ei anna tyding. Den vanlegaste tydinga før i tida var beint fram ‘meir enn normalt mål’, medan den vanlegaste tydinga no er ‘dessutan, attpåtil, på toppen av det heile’, ofte med underforstått kritikk eller anerkjenning.

Før oftare slik: Eg har forklart meg til overmål (= meir enn nok)
No oftast slik: Eg har forklart meg og til overmål sagt orsak (= attpåtil)

I det siste dømet er overmålet = orsakinga. Det å leggje til alt berre tilslører logikken. Det blir nesten som å seie på all toppen for på toppen.

Går ein til det store tekstkorpuset på nb.no, finn ein at alt-tillegget tok til å spreie seg like før krigen, og at det er i ferd med å ta over. Biletet er altså ikkje heilt ulikt det vi ser ovanfor.

Grunnen til at alt har snike seg inn, er nok at det finst andre uttrykk som liknar (til alt hell, til all lykke).

Om basen

Artiklene i svarbasen er skrevet av rådgivere i Språkrådets svartjeneste. Svarene er basert på spørsmål vi har fått på e-post og telefon de siste 10–15 årene. De fleste artiklene er satt sammen av flere spørsmål og svar om samme emne, og spørsmålsstillerne er anonymisert. Artiklene justeres når det er grunn til det. Alt innhold i svarbasen kan regnes som gyldig.

I de fleste artiklene finner du et kort svar i ingressen, altså det første avsnittet, som står med feit skrift. Ikke hopp over det! Resten av teksten i hver artikkel er for de ekstra interesserte og tålmodige.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.