Hopp til hovedinnhold

Avslutting eller avslutning

Spørsmål

Er det nokon meiningsskilnad mellom orda avslutting og avslutning i bokmål eller nynorsk?


Svar

Svaret er tja. Ein kan la det vere ein skilnad.

Nynorskordboka har

avslutting f3 det å avslutte, slutte av

avslutning f3 (av avslutte og slutte) • slutt (I); endskap syngje ein song til avslutning på samværet • i fotball: spele godt på midtbana, men mangle avslutningar skikkelege skot på mål

Det kan sjå ut til at standardskiljet mellom -ing og -ning gjeld her. Det vil seie at avslutting er ei abstrakt handling, noko ein driv med (jf. særleg avslutting av det og det), medan avslutning er noko litt meir konkret eller spesifikt, eit tilfelle, resultat e.l. av slik verksemd. Slike resultat er gjerne teljelege.

Bokmålsordboka har berre avslutning. Tyding 1 nedanfor svarer jo til avslutting i nynorsk ovanfor.

avslutning m1, f1 (av avslutte) 1 det å gjøre noe ferdig; slutt, ende, konklusjon bringe saken til en heldig avslutning / synge en sang til avslutning / det ble en trist avslutning på en lovende karriere / stilen mangler avslutning / hopperen hadde problemer med avslutningen 2 avslutningsfest (på en skole) vi har avslutning i dag

Tanums store rettskrivningsordbok for bokmål fører likevel opp avslutting, for alle verb har i prinsippet ei ing-avleiing. På bokmål kan ein då praktisere det nemnde skiljet mellom handlinga og andre tydingar, men ein kan òg berre bruke -ning. Det siste er det vanlegaste.

På nynorsk er det litt meir som talar for å bruke -ing (vel å merke i den generelle handlingstydinga), men det kan vere svært vanskeleg å setje ei grei grense mellom tydingane. Bruk heller -ning litt for mykje enn omvendt, for heile ordet er lånt inn i den forma.

Om basen

Artiklene i svarbasen er skrevet av rådgivere i Språkrådets svartjeneste. Svarene er basert på spørsmål vi har fått på e-post og telefon de siste 10–15 årene. De fleste artiklene er satt sammen av flere spørsmål og svar om samme emne, og spørsmålsstillerne er anonymisert. Artiklene justeres når det er grunn til det. Alt innhold i svarbasen kan regnes som gyldig.

I de fleste artiklene finner du et kort svar i ingressen, altså det første avsnittet, som står med feit skrift. Ikke hopp over det! Resten av teksten i hver artikkel er for de ekstra interesserte og tålmodige.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.