Hopp til hovedinnhold

Bloduttredelse på bokmål og nynorsk

Spørsmål

Kva heiter bloduttredning/bloduttredelse på nynorsk, og kva tyder det, eigentleg?


Svar

Bloduttredelse er det at blod «trer» (altså går) ut i vevet og kanskje blir synleg, som blåmerke. Det «trer» altså ikkje heilt ut!

Nynorsk brukar sjeldan verbet å tre, og å trø blir ikkje nytta i overført tyding. Ein må difor vurdera samanhengen og til dømes skilja mellom dei overlappande fenomena blåmerke leggen og bløding i leggmuskelen. Ordet blåmerke kan godt brukast meir der ein ikkje treng presisering (på line med engelsk bruising).

Før nytta ein òg uttrykket underløpet blod i bokmål, og å vera blodunderløpet. Adjektivet blodlaupen har funnest i nynorsk, men har vore lite brukt.

Tradisjonelt kan bloduttredelse heita blodmelte og daudblod i nynorsk og mange dialektar. Blodmelta er dessutan eit verb (i uttrykk som å blodmelta seg). Orda står i Audun Øyris Medisinsk ordbok, men verkar nok for kraftige for mange. Dei har dessutan forsvunne frå Nynorskordboka.

Dersom ikkje noko av det nemnde høver, kan det kanskje vera freistande å skriva hematom eller noko anna lærd, flott og framandt. Men bløding under huda er meir lesarvenleg (merk at indre bløding er eit vidare omgrep).

Somme mistyder bokmålsordet, sløyfar ein -t- (*blodutredning) og omset til *blodutreiing. Det er heilt meiningslaust.

Om basen

Artiklene i svarbasen er skrevet av rådgivere i Språkrådets svartjeneste. Svarene er basert på spørsmål vi har fått på e-post og telefon de siste 10–15 årene. De fleste artiklene er satt sammen av flere spørsmål og svar om samme emne, og spørsmålsstillerne er anonymisert. Artiklene justeres når det er grunn til det. Alt innhold i svarbasen kan regnes som gyldig.

I de fleste artiklene finner du et kort svar i ingressen, altså det første avsnittet, som står med feit skrift. Ikke hopp over det! Resten av teksten i hver artikkel er for de ekstra interesserte og tålmodige.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.