Hopp til hovedinnhold

Kredibel og kredibilitet – utan kred i rettskrivinga?

Spørsmål

Eg finn ikkje kredibilitet, kredibel eller kred i ordbøkene mine. Er dette ord som ikkje skal brukast på norsk? Og kva er eigentleg den rette tydinga?


Svar

Alle orda finst i norsk, og dei er nyleg tekne inn i rettskrivingsordbøkene. Kred kan til og med skrivast kredd.

Kredibilitet kjem av det engelske credibility, som tyder ‘truverde’. Ordet er greitt oppbygd (i samsvar med t.d. mobilitet og sensibilitet), men det har framleis preg av sjargong eller engelskpåverknad. Oftast er det best å bruke truverd for kredibilitet og truverdig for kredibel. Kred(d) ‘tillit, truverd’ høver best i sjargongprega tekst.

Det engelske cred er ei kortform av street credibility – opphavleg noko ein må ha for å lykkast (vere truverdig, vere verdig tillit) på gata i amerikanske storbyar. Dette er så blitt overført til nye sfærar i samfunnet og menneskelivet. Svenskane har både cred og kredd i ordlista. Kred og kredd kan sjåast som ei delvis og ei fullstendig norvagisering av cred, eller beint fram som kortformer av kredibilitet (jf. å ha kredd). Men i uttrykka få/gje kredd ‘anerkjenning, ros, skryt, honnør’ er ordet meir i slekt med kreditt.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.