Hopp til hovedinnhold

Einkvar og eitkvart?

Spørsmål

Kva skal ein skriva i staden for enhver, ethvert og noen og enhver på nynorsk?


Svar

Bruk i alle fall ikkje einkvar eller eitkvart. Einkvar finst ikkje i nynorsk i denne tydinga, og eitkvart tyder noko heilt anna.

Der du ville ha brukt enhver og ethvert på bokmål, må du velje mellom desse orda og uttrykka:

alle
kvar (einaste)
kvar og ein
kven som helst

Her er noko for kvar smak (altså ikkje *einkvar) til kvar tid (ikkje *eikvar).

Einkvan/eitkvart er noko anna!

Det er noko som heiter einkvan, men det betyr noko heilt anna, nemleg ‘ein eller annan’. Eitkvart = ‘eit eller anna’ og eikor = ‘ei eller anna’. (Somme stader har ein rett nok sagt einkvar for einkvan, men ein bør ikkje bruka den forma i skriftmålet.)

Nokon (og) kvar, ikkje nokon og einkvar

Noen og enhver bør du helst ikkje skriva på bokmål heller. Her har vi nok ei gammal samanblanding med alle og enhver. Det heiter helst noen hver eller noen og hver. På nynorsk: nokon kvar eller nokon og kvar.

Om basen

Artiklene i svarbasen er skrevet av rådgivere i Språkrådets svartjeneste. Svarene er basert på spørsmål vi har fått på e-post og telefon de siste 10–15 årene. De fleste artiklene er satt sammen av flere spørsmål og svar om samme emne, og spørsmålsstillerne er anonymisert. Artiklene justeres når det er grunn til det. Alt innhold i svarbasen kan regnes som gyldig.

I de fleste artiklene finner du et kort svar i ingressen, altså det første avsnittet, som står med feit skrift. Ikke hopp over det! Resten av teksten i hver artikkel er for de ekstra interesserte og tålmodige.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.