Hopp til hovedinnhold

Sjanse for noko negativt?

Spørsmål

Kan ein bruke sjanse om utsikter til noko negativt, som «sjansen for å bli smitta»? I så fall kan ein vel like godt skrive brannsjanse for brannfare?


Svar

Det har vorte vanleg å bruke «sjanse for» om både positive og negative følgjer, men det er best å bruke «fare for» når ein siktar til dei negative.

Sjanse er oftast noko positivt; berre tenk på uttrykket å få sjansen til noko. Det å ta sjansar kan rett nok få eit negativt utfall, men målet med handlinga er positivt. Det er det sentrale.

Negativt: fare eller risiko

Det er fint om ein kan skilje mellom faren for å bli smitta og sjansen for å bli frisk, eller mellom sjansen for/til å vinne og faren for å tape. Kort sagt: Der fare for fungerer greitt, er det ingen grunn til å velje sjanse.

Når vi er inne på fare: Vi treng heller ikkje nytte ordet risiko så ofte der det enklare ordet fare duger. Risiko kan gjerne reserverast for risikoanalyse og andre faglege samanhengar.

Nøytralt eller ope: sannsyn og andre formuleringar

Når det er heilt ope om eit mogleg utfall er positivt eller negativt, nyttar vi sannsyn (bokmål sannsynlighet), men det òg høver best i litt tekniske eller statistiske samanhengar. Vi kjem ofte kome langt med kvardagslege formuleringar som «det er truleg / lite truleg at», «det er mogleg at», «det kan hende at»

Dette avissøket viser bruken av ymse ord for sannsyn sidan 1960-åra. Sannsynet for å sjå «sjansen (for)» på trykk er meir enn dobla, og det er nok ikkje fordi dei positive utsiktene har vorte fleire.

Sist oppdatert: 14. januar 2026

Om basen

Artiklene i svarbasen er skrevet av rådgivere i Språkrådets svartjeneste. Svarene er basert på spørsmål vi har fått på e-post og telefon de siste 10–15 årene. De fleste artiklene er satt sammen av flere spørsmål og svar om samme emne, og spørsmålsstillerne er anonymisert. Artiklene justeres når det er grunn til det. Alt innhold i svarbasen kan regnes som gyldig.

I de fleste artiklene finner du et kort svar i ingressen, altså det første avsnittet, som står med feit skrift. Ikke hopp over det! Resten av teksten i hver artikkel er for de ekstra interesserte og tålmodige.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.