Hopp til hovedinnhold

Hovedsakelig, men hovudsakleg?

Spørsmål

Kvifor heiter det hovudsakleg på nynorsk når det heiter hovedsakelig med -e- på bokmål?


Svar

Bokmålet har ført desse orda vidare frå norsk-dansk (hovedsagelig) og berre bytt ut g med k. Nynorsken har gått meir radikalt til verks og sett hovudsak saman med -leg på nytt.

Hovudsakleg er ikkje noko gammalt dialektord. Det er meir typisk for skrift enn for tale. I vanleg norsk talemål brukar ein heller «for det meste», «stort sett» og andre uttrykk. Det har òg vore det tilrådde på nynorsk. Men hovudsakleg er likevel nokså gammalt i nynorsk.

Samansetning utan fuge-e har heile tida vore det vanlegaste:

hovudsak + leg = hovudsakleg

Det finst ingen regel som seier at det skal skytast inn ein -e- etter hovudsak i samansetning.

Langt tilbake på 1800-talet finn ein til og med spreidde døme på hovedsaglig utan -e- i dansk-norsk skrift. Det har dessutan vore svært vanleg å skriva hovedsaklig på bokmål trass i at denne varianten ikkje har stått i autoriserte ordlister; det er fyrst retteprogramma som har teke knekken på han.

Det er eigentleg e-en som treng ei forklaring. Kvifor har dansk -e- i hovedsagelig når ordet til og med er laga etter tysk hauptsächlich, som ikkje har nokon -e-? Dette har vi ikkje noko greitt svar på. Men merk at mange feilskriv saklig/sakleg som *sakelig/sakeleg. Det kan vera vanskeleg å høyra skilnad på variantane med og utan -e-. Det er ofte eit snev av e-lyd mellom k og l i uttalen av sakleg og usakleg òg.

Eit anna ord som har vore skrive utan fuge-e på nynorsk er opphavleg. Det var eineform fram til 2012, då opphaveleg (jf. opprinnelig) vart teke inn. Opphavleg er framleis den vanlegaste forma, trass i relativ tilbakegang etter endringa.

Bokstavleg og bokstaveleg har derimot heile tida vore jamstilte former.

 

Sist oppdatert: 5. november 2026

Om basen

Artiklene i svarbasen er skrevet av rådgivere i Språkrådets svartjeneste. Svarene er basert på spørsmål vi har fått på e-post og telefon de siste 10–15 årene. De fleste artiklene er satt sammen av flere spørsmål og svar om samme emne, og spørsmålsstillerne er anonymisert. Artiklene justeres når det er grunn til det. Alt innhold i svarbasen kan regnes som gyldig.

I de fleste artiklene finner du et kort svar i ingressen, altså det første avsnittet, som står med feit skrift. Ikke hopp over det! Resten av teksten i hver artikkel er for de ekstra interesserte og tålmodige.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.