Hopp til hovedinnhold

Landsmanninne

Spørsmål

Ordet landsmanninne vert brukt ein del av sportsjournalistar, spesielt i NRK. Er dette eit verkeleg ord, eller er det berre noko som einskildpersonar i Kringkastinga har funne på, og som dei nyttar for moro?


Svar

Nei, landsmanninne er verkeleg nok, og det er ikkje nytt. Vi finn det alt hjå Ludvig Holberg i 1769. Men det er mykje betre å skrive landskvinne.

Ordet landsmanninne er med i eit band av Norsk Riksmålsordbok frå 1937. Det tyder på at det då vart rekna som eit ord i språket. Seinare har det stått i fleire ordbøker.

I dag finn ein ikkje landsmanninne i Nynorskordboka eller Bokmålsordboka, men i Norsk ordbok med 1000 illustrasjoner står det, og oppføringa der er utan markering av stiltone. Dette siste er interessant, for det kan tyde på at ordet har vore oppfatta som meir nøytralt for nokre år sidan enn i dag, da mange kanskje tenkjer på det mest som humoristisk meint og litt rart, og kanskje som gammaldags.

Elles finn vi ordet manninne ‘kvinne’ i gamle bibelomsetjingar:

denne (Eva) skal kaldes mandinde, thi af manden er denne tagen (1. Mos. 2, 23)

Dette ordet har nok lenge verka klårt meir markert enn landsmanninne. Det har fått merknaden foreldet og spøkefullt i Norsk Riksmålsordbok.

Om basen

Artiklene i svarbasen er skrevet av rådgivere i Språkrådets svartjeneste. Svarene er basert på spørsmål vi har fått på e-post og telefon de siste 10–15 årene. De fleste artiklene er satt sammen av flere spørsmål og svar om samme emne, og spørsmålsstillerne er anonymisert. Artiklene justeres når det er grunn til det. Alt innhold i svarbasen kan regnes som gyldig.

I de fleste artiklene finner du et kort svar i ingressen, altså det første avsnittet, som står med feit skrift. Ikke hopp over det! Resten av teksten i hver artikkel er for de ekstra interesserte og tålmodige.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.