Hopp til hovedinnhold

Volda er årets nynorskkommune


«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane.

Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet sitt at somme har trudd at kommunen allereie har vunne prisen «Årets nynorskkommune». Det har dei ikkje, men kjennskapen til det solide arbeidet rekk langt utanfor kommunegrensene.

Juryen trekkjer fram at dei tilsette brukar nynorsk i alle kommunale tenester, og at innbyggjarane møter nynorsken gjennom heile livsløpet.

Dette året har juryen lagt spesielt stor vekt på arbeidet med lesing og litteratur. I grunngjevinga skriv dei at Volda gjer ein stor innsats for nynorsk litteratur, og dei satsar langsiktig. Til dømes har ungdomsskulen hatt prosjektet «Nynorsk leseperiode» gåande i snart tjue år. I kommunen er det godt samarbeid med skulebibliotek, folkebibliotek, litteraturhus, Nynorsksenteret og andre for å fremja leseglede og interesse for bøker.

Kultur- og likestillingsministeren Lubna Jaffery kåra vinnaren av årets nynorskkommune.

– Å verne om det nynorske språket er ei av dei viktigaste språkpolitiske utfordringane vi har. Det går ikkje av seg sjølv, det trengst målretta og langsiktig innsats. Og her er nynorskkommunane heilt avgjerande. Dei gjer det betre og enklare å vera nynorskbrukar, og tek vare på og utviklar nynorsken. Gratulerer så mykje til Volda kommune som er årets nynorskkommune!

Seriøs og stolt

Juryleiar og avdelingsdirektør i Språkrådet, Marianne Aasgaard, seier at Volda er ein solid nynorskkommune.

– Vi ser at nynorsken er heilt innarbeidd i både kommuneadministrasjonen, næringslivet, opplæringa og kulturlivet i Volda. Nominasjonsteksten synte oss at kommunen arbeider seriøst og langsiktig, og at dei tilsette er stolte over innsatsen dei gjer.

Volda hadde konkurranse frå fleire sterke nynorskkommunar, og også Øygarden får heiderleg omtale av juryen.

– Øygarden kommune brukar tid og ressursar på å styrke nynorsken, og dei strekkjer seg lenger enn det ein kan forvente av ein kommune, seier Aasgaard.

Utdeling i Oslo

Det er Kultur- og likestillingsdepartementet som kårar vinnaren av årets nynorskkommune, og i år vart prisen delt ut i Oslo den 13. oktober.