Mål om engasjerande sidemål

Midt i bokmålsland har nynorsken fått gode ambassadørar. På Landøya ungdomsskole i Asker har norsklærarane gjort ein ekstra innsats for at elevane skal få god sidemålsundervisning.
Bokmål og nynorsk har lenge vore sidestilte skriftspråk, og elevar i den norske skulen har hatt undervisning i hovudmål og sidemål sidan 1907. Likevel er det mykje usemje og stadige debattar om sidemålsopplæringa. Dei fleste elevar som lærer nynorsk i Noreg, lærer det som sidemål. Språkpolitikken legg opp til at nynorsken skal styrkast. Da er skulen og sidemålsundervisninga ein svært viktig arena.
Maren Eika, Malmfrid Larsen Dalheim og Merete Hellner Nilsen er alle norsklærarar på Landøya ungdomsskole. Dei fortel at norskseksjonen har arbeidd med å utvikle sidemålsundervisninga over mange år. Ein viktig faktor er at norsklærarane viser engasjement. Dette smittar over på lærarar i andre fag, og det gjer at færre snakkar ned nynorsken overfor elevane. Ei negativ haldning gjer det tyngre for elevane å lære, seier Eika.
– På foreldremøte seier vi at foreldra ikkje skal rakke ned på nynorsk. Foreldra skjønar at om dei ikkje gjer det, blir det lettare for ungdommane. Det betyr ikkje at elevane aldri er misnøgde, men dei aksepterer at dei skal lære nynorsk.
Ta haldningane på alvor
Norsklærarane seier at dei alltid begynner sidemålsundervisninga med å forklare grunnen til at vi har to skriftspråk. Dei ser på språkhistoria, situasjonen i dag, kva meiningar som finst i samfunnet, og argument for og imot nynorsk.
– Elevane skal veta kvifor og korleis stoda er slik som ho er. Dei skal ha kunnskap i botnen. Sidemålsopplæringa er ein del av skulen, og det hjelper ikkje å diskutere om ein skal ha det eller ikkje, seier Eika.
Ho fortel vidare at elevane lærer å argumentere for meiningane sine, difor er ei av dei fyrste oppgåvene å skrive eit debattinnlegg på bokmål. I det innlegget skal dei skrive noko om dei offisielle argumenta for og mot nynorsk.
– Vi lyttar og respekterer meiningane elevane har. Om dei er imot sidemål, må dei grunngje meininga si. Ofte synest dei det er vanskeleg å finne argument mot, og dei kjem på ganske mange gode argument for. Det betyr ikkje at alle blir supermotiverte, men dei stiller ikkje så mange spørsmål om kvifor dei må lære nynorsk.
Blanda meiningar
Andrea Moholdt, Isabel Moe Jensen og Ella Maria Norum Briskeby er alle elevar i niande klasse på Landøya ungdomsskole.
– Eg har ikkje grua meg til å lære nynorsk, tvert imot synest eg det er gøy å lære, seier Briskeby.
Ungdommane seier at det er blanda meiningar blant klassekameratar og jamaldrande. Nokre synest det er slitsamt, andre synest det er viktig og bra å lære sidemålet. Moholdt synest at lærarane deira har introdusert faget på ein god måte.
– Vi har lært om språkhistoria i Noreg, og læraren har forklart situasjonen tydeleg. Det er lettare å lære språket når ein veit meir om bakgrunnen.
Jensen trur det kan koma til nytte seinare å kunna nynorsk.
– Det kan vera nyttig når ein skal ut i arbeidslivet, eller om ein skal flytta til ein annan stad der ein brukar meir nynorsk.
Dei tre ungdomsskuleelevane er usikre på om dei også blir betre i bokmål av å lære nynorsk, men dei slår ikkje heilt frå seg tanken om at det å lære sidemål gjev betre norskferdigheiter generelt.
Sidemål som etterutdanning
Denne hausten har lærarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet eit heilt nytt emne som heiter «Undervisning i nynorsk som sidemål». Kirsti Lunde, som er emneansvarleg saman med Caroline Fagerheim, seier at det er kjempebehov for eit slikt emne.
– Sidemålsundervisninga har vore diskutert heilt sidan 1907 og er blant dei mest velkjende temaa i norskfaget. Likevel har det aldri funnest eit emne som tek for seg dette. Høgskulen i Volda har eit emne om nynorsk både som hovudmål og sidemål, men det finst ingen kurs som berre gjer noko med sidemålsundervisninga. Det er eit kjempebehov for det. Vi har emnet for fyrste gong i haust, vi fekk 50 søkjarar og har hatt oppstart med 32 studentar. Det syner at det er marknad for eit slikt emne.
Kva er skilnaden mellom undervisning i nynorsk som hovudmål og undervisning i nynorsk som sidemål?
– Dei som lærer nynorsk som hovudmål, er omgjevne av språket på ein annan måte, sjølv om det ikkje er like synleg på alle arenaer. Men dei veit at nynorsk finst, og dei veit meir om korleis det ser ut. Dei som lærer nynorsk som sidemål, ser mindre nynorsk rundt seg. Dei veit mindre om korleis det ser ut, og korleis det fungerer. Da er det vanskelegare å veta kva ein skal sikte seg mot når ein skal begynne å skrive nynorsk sjølv. Målet vårt treng ikkje å vera at alle skal bli perfekte nynorskbrukarar, men at både lærarar og elevar skal kunna skrive riktig nok og god nok nynorsk.
Skal forstå grammatikk gjennom utforsking
Studentane som tek emnet «Undervisning i nynorsk som sidemål», lærer korleis ein kan laga ei god språkundervisning i ein fleirspråkleg kontekst. Det blir lagt til grunn at språk er dynamisk, og at det er bra med språkleg variasjon. Studentane får mange gode svar på spørsmålet om kvifor språksituasjonen i Noreg er slik han er.
– Det er viktig å pirke i dette, for vi ser at mange elevar har negative kjensler knytt til sidemålsundervisninga. Ofte handlar det ikkje om nynorsk som språk, men om ei kjensle av urettferd, at ein ikkje meistrar noko eller må gjennom noko ein ikkje likar. Difor er det viktig for elevane å forstå kvifor dei skal lære to skriftspråk.
Ein del av emnet handlar om å møte språket. Dimed er lese- og skriveøvingar og nynorsk litteratur for barn og unge ein stor del av emnet. Men den største delen av undervisninga blir bruka på noko som Lunde skildrar som eit nybrottsarbeid.
– Den største biten er noko vi kallar språkbasert nynorskopplæring. Tanken er at utforskande arbeid med språk er betre og meir lærerikt enn å pugge bøyingsskjema. Tradisjonelt er det slik nynorskopplæringa har gått føre seg: Ein har pugga svake og sterke verb og så vidare. Vi trur det er meir motiverande med ei anna tilnærming, der ein både brukar språket og har skriveøvingar, og utforskar språket for å jobbe seg fram for å forstå mønstera ein finn i grammatikken. Elevane skal sjå og forstå mønster i språket gjennom praktisk bruk og utforsking saman med læraren.
Viktig å oppleva meistring
Lærarane på Landøya brukar mykje av den same tilnærminga til utforskande språklæring som Kirsti Lunde er oppteken av. Mellom anna legg dei vekt på kva elevane får til i staden for å rette det som er feil.

– Vi har ein god strategi der vi viser korleis ein brukar ordbok, før vi snakkar så mykje om grammatikk. Når dei lærer å slå opp, skriv dei betre. Så vi jobbar ikkje så mykje med rein grammatikk, men dei får verktøy for å skrive betre, seier Nilsen.
– Vi har også arbeidd med korte skriveøkter der elevane skriv eitt avsnitt her og eitt avsnitt der. Så snakkar vi saman om innhaldet. Det er lettare å gje tilbakemelding når dei ikkje skriv så mykje om gongen. Da kan vi gå gjennom dei viktigaste reglane utan å pirke på for mykje samtidig, seier Dalheim.
Kvifor har de engasjert dykk for sidemålsundervisninga?
– Dialekten her i Asker ligg ganske langt unna nynorsk, og mange opplever nok nynorsk som lite relevant. Det er grunn til å gjera ein ekstra innsats for å vise elevane at det kan vera gøy og viktig. Vi høyrer om norsklærarar som ikkje er så engasjerte, og da blir det ekstra tungt for elevane å lære. Her har vi vore ein god norskseksjon i mange år som har utvikla metodar saman, seier Nilsen.
Tips frå Landøya ungdomsskole om ei engasjerande sidemålsopplæring
Tre tips på bakrommet
- Rydd opp på lærarrommet, og legg att negative haldningar utanfor skulen. Når lærarane er positive, er det lettare for elevane å lære.
- Skift ut lufta på foreldremøtet, og be foreldra om å leggje negative haldningar til nynorsk lengst mogleg vekk frå middagsbordet. Om foreldra vil hjelpe barna sine til å meistre skulen, må dei vera positive til innhaldet i skulen og snakke opp alle fag.
- Hjelp kollegaer med å bruke meir nynorsk i alle fag, for eksempel på informasjonsplakatar eller vekeplanar. Hjelp til med små grep som gjer nynorsken synleg utanfor norskfaget.
Tre tips i klasserommet
- Start med språkhistoria, og la elevane få snakke seg tomme om eventuell motstand. Etter det kan ein brette opp erma og gå i gang.
- Les tekstar på nynorsk, og snakk om kva som er likt og ulikt. Øv på å skrive nokre av dei vanlegaste nynorskorda som skil seg frå bokmål, slik som eg, ikkje og berre.
- La elevane skrive ein kort tekst på nynorsk. Når ein rettar, kan ein setja strek under alle orda som er rett skrivne, det er som oftast mange. Deretter kan ein jobbe kategorisk med ulike feilgrupper.
Nokre punkt om bokmål og nynorsk i språklova
- Bokmål og nynorsk er jamstilte skriftspråk. Dei er likeverdige språk som skal kunna brukast i alle delar av samfunnet.
- Offentlege organ har eit særleg ansvar for å fremja nynorsk, som er det minst bruka norske skriftspråket.
- Statsorgan skal krevja at tilsette skal skrive både bokmål og nynorsk i arbeidet. Fylkeskommunar kan krevja det same. Dette gjeld likevel ikkje for tilsette som ikkje har gjennomført sidemålsopplæring i grunnopplæringa.
- Statsorgan skal gje ut dokument som er meinte til bruk i skulen, på bokmål og nynorsk samtidig.
Nokre punkt om bokmål og nynorsk i opplæringslova
- Elevane skal ha opplæring i bokmål og nynorsk.
- Skulen skal bruke læremiddel som ligg føre på bokmål og nynorsk til same tid og same pris, med nokre unntak.
- Dei trykte læremidla i norskfaget i grunnskulen skal samla ha nok tilfang på både bokmål og nynorsk, slik at elevane lærer å lesa begge skriftspråka.
- Skulen skal bruke skriveprogram som støttar både bokmål og nynorsk, og som følgjer offisiell rettskriving.