Hopp til hovedinnhold

Eit traust og tydeleg namn gjev tyngde


Kva må eit statsorgan tenkje på når det skal få nytt namn? Eit namn må vera tydeleg og forklare kven vi er, seier eit direktorat som nettopp har vore gjennom ei namneendring.

1. september 2025 endra Norsk Romsenter namn til Direktoratet for romverksemd (Direktoratet for romvirksomhet på bokmål). Kommunikasjonsrådgjevar Christer Aasen seier at det er to hovudgrunnar til at direktoratet ville byte namn.

– Den eine grunnen er at mange misforstår kva vi driv med. Somme trur vi er eit samfunnshus for romfolket, andre trur at vi er ein institusjon som Andøya Space eller Teknisk museum. Vi har mangla ein tydeleg identitet og har alltid måtta forklare kva vi held på med. Den andre grunnen er at romverksemda har hatt ei eksplosjonsarta utvikling dei siste åra, og ho grip inn i alle samfunnsområde. Det er viktig for Noreg som nasjon at verksemda vår blir teken på alvor.

Det som fram til i haust var Norsk Romsenter, starta som ei stifting i 1987. I 2004 gjekk stiftinga over til å bli ein etat under det daverande Nærings- og handelsdepartementet. Sidan da har senteret hatt oppgåver som eit direktorat, men «senter» i namnet fekk nok mange til å tru at det var noko privat eller halvstatleg.

– Det er viktig for oss å vise at vi er eit direktorat. Eit tydeleg namn gjev meir tyngde, seier kommunikasjonssjef Marianne Moen.

Moen seier at direktoratet var gjennom ein tilsvarande prosess for fem år sidan, da det engelske namnet på verksemda vart endra.

– Vi endra namn frå Norwegian Space Centre til Norwegian Space Agency. Det var ei klargjerande namneendring. Eit agency er alltid statleg, så da vart det tydeleg at vi representerte forvaltninga. Vi arbeider mykje internasjonalt, så det betyr mykje at samarbeidspartnarane våre skjønar kven vi representerer.

Tenkte heilt i tråd med retningslinene

Direktoratet ville ha eit tydeleg og presist namn som forklarer akkurat kven det er. Tolv–tretten ulike forslag var på bordet, men «Direktorat for romverksemd» peikte seg ut ganske fort.

– «Direktorat» seier noko om kven vi er. Fyrst føreslo vi «direktorat» i ubunden form, men vi fekk råd frå Språkrådet om at det burde vera «direktoratet». «Romverksemd» er ikkje eit kjempetilgjengeleg ord i seg sjølv, men det dekkjer det vi driv med, og det er vanskeleg å misforstå. Andre samansetningar med «rom-» vart mindre klare, sidan «rom» kan assosierast med både arkitektur og etnisitet, seier Aasen.

Korleis brukte de retningslinene frå Språkrådet i arbeidet?

– Retningslinene var heilt i tråd med det vi allereie hadde tenkt. Dei gav oss ekstra tyngde når vi trengte å argumentere for forslaget vårt. For å få nytt namn måtte vi ha godkjenning frå Kongen i statsråd. Departementet var svært oppteke av at vi følgde språklova. Da hjelpte det å ha retningsliner der det var tydeleg nedfelt kva ein bør leggje vekt på i ein slik prosess.

Ta kontakt tidleg!

Språklova seier at statsorgan skal ha namn på norsk, både bokmål og nynorsk. Namna skal følgje offisiell rettskriving. Det står òg i lova at Språkrådet skal gje statsorgan råd om skrivemåte og namneskikk før det blir gjort vedtak om namn. Det vil seia at statsorgana har plikt til å konsultere Språkrådet i ein namneprosess.

– Jo tidlegare verksemdene tek kontakt, jo lettare er det for oss å gje gode råd. Vi har opplevd at verksemder tek kontakt med oss etter at dei eigentleg har bestemt seg, berre for å ha gjort det. Det er uheldig og ikkje i tråd med intensjonane i konsultasjonsordninga, seier direktøren i Språkrådet, Åse Wetås.

Språkrådet lagar ikkje namn, men vurderer namneforslaga frå verksemda og kjem med ei tilråding. Språkrådet kontrollerer om namnet følgjer offisiell rettskriving på bokmål og nynorsk. I tillegg ser Språkrådet etter om namnet er tydeleg og sakleg, om det er grammatisk godt oppbygd og om det er praktisk å bruke. Språkrådet vurderer aldri engelske versjonar av namnet.

Det står at statsorgana har plikt til å konsultere Språkrådet. Men har dei ikkje òg plikt til å følgje råda dei får?

– Vi har ikkje mynde til å bestemme kva statsorgana skal gjera. Men dei skal ha vektige argument for ikkje å lytte til oss, ettersom Språkrådets vurderingar og råd kviler på krava som er formulerte i språklova og på faglege vurderingar av god namneskikk. Eg stolar på at statsorgana og departementa er opptekne av å følgje språklova og råda våre, akkurat slik Direktoratet for romverksemd har gjort, seier Wetås.

God mottaking for det nye namnet

Målet med det nye namnet er å gjera det tydeleg kva rolle direktoratet spelar og kva plass det har i forvaltninga, seier Moen.

– Det er viktig at dei som er interesserte i å bruke verkemidla våre, forstår at dei kan koma til oss. Om nokon vil levere til romindustrien eller vil veta korleis ein kan bruke satellittdata, kan vi hjelpe til.

Korleis har det nye namnet vorte motteke?

– Vi har fått positive tilbakemeldingar både internt og eksternt. Til liks med fleire av kollegaene mine synest eg det er vemodig å miste det gamle namnet, men vi går gjennom ei mogning nå. Det har ikkje vore nokon protestar, og dei fleste er samde om at vi oppnår meir med det nye namnet. Det vil ha særleg stor effekt for oss som arbeider med kommunikasjon. Eksternt har vi fått mange positive tilbakemeldingar, seier Moen.

Direktoratet for romverksemd

  • forvaltar norsk rompolitikk på nasjonalt og internasjonalt plan på vegner av Nærings- og fiskeridepartementet
  • arbeider for å utvikle norsk romnæring og å syte for at løyvingar blir brukte på ein effektiv måte
  • koordinerer norsk rompolitikk og romindustri for å sikre at norsk romnæring er konkurransedyktig internasjonalt
  • har ein visjon om at romverksemda kan medverke til verdiskaping, innovasjon, kunnskapsdeling, samfunnstryggleik og betre klima og miljø