Hopp til hovedinnhold

Nye reglar i språklova

Språklova får nokre endringar denne sommaren. Lova inneheld reglar om kva språk det offentlege har ansvar for, og kva ansvaret går ut på. Stortinget har vedtatt å endre §§ 3, 13, 16 og 17. Nye lovreglar vil krevje nye rundar med lovtolking. Likevel er det mogleg allereie no å seie noko om kva endringane vil innebere.


Innstramma unntak for intern sakshandsaming

Hittil har all intern sakshandsaming i det offentlege vore unntatt frå heile språklova (sjå § 3). No blir dette unntaket i § 3 stramma inn. Den interne sakshandsaminga skal framleis vere unntatt frå detaljreglane om bruk av bokmål og nynorsk i §§ 12 til 18. Forskjellen er at heretter gjeld alle dei andre reglane i språklova for den interne sakshandsaminga. Desse reglane handlar om norsk som hovudspråk i Noreg, om minoritetsspråka som Noreg har ansvar for, om klarspråk, om rettskriving og om namn på statsorgan. No gjeld altså ikkje reglane berre for den utetterretta kommunikasjonen frå dei offentlege verksemdene, men òg i kommunikasjonen internt.

Mykje av det som går føre seg i kommunane, blir i dag rekna som internt etter språklova. At mange føresegner i lova no skal gjelde internt i kommunane, er derfor ei viktig endring. Som eit eksempel vil kommunikasjonen mellom kommunale etatar og den politiske eller administrative leiinga i kommunen no vere omfatta av desse reglane. Intranettet hos offentlege verksemder – ikkje berre i kommunane, men òg i fylkeskommunane og i staten – er eit anna eksempel på intern kommunikasjon som språklova heretter gjeld for.

Skjerpa kompetansekrav i bokmål og nynorsk

Kompetansekrava i § 16 er endra frå at statsorgana «skal kunne krevje» at tilsette skal skrive både bokmål og nynorsk, til at statsorgana «skal krevje det». Den nye lovformuleringa minner om den personlege tenesteplikta til å bruke både bokmål og nynorsk som statstilsette hadde etter den gamle mållova. Med språklova vart den personlege tenesteplikta avskaffa. Stortinget har presisert at tanken no ikkje er å gjeninnføre den personlege tenesteplikta, men å skjerpe ansvaret som arbeidsgivaren har for kompetansen i bokmål og nynorsk. Vi får altså ein mellomting: Kompetansekravet er skjerpa samanlikna med språklova hittil, men det er ikkje like strengt som det var i mållova.

Klagerett for språkorganisasjonar

Privatpersonar og private verksemder har rett til å klage og til å få utferda «løyve og faste formular», for eksempel vitnemål og sertifikat av ulike slag, på nytt. No blir denne retten utvida. Heretter kan òg språkorganisasjonar klage på vegner av medlemmane sine. Denne endringa gjeld berre for klage etter § 17. Det er inga endring i § 18, som gjeld retten til såkalla påpeiking.

Elles skjer det ei endring i § 13 som neppe har noko å seie i praksis. Ein eksisterande regel om at sentrale statsorgan skal skrive til regionale statsorgan på fleirtalsspråket i tenestekrinsen til dei regionale statsorgana, blir flytta frå forskrift om målbruk i offentleg teneste og inn i sjølve lova.

Endringane i språklova gjeld frå 1. juli. Frå den dagen finn du dei nye reglane i språklova på Lovdata. Vil du lese alle detaljane om lovendringa, finn du saksdokumenta hos Stortinget.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.