Språkrådet gjennomfører for tida ei undersøking om klarspråk (i samarbeid med Verian). Om du får ein e-post med spørsmål om å delta i undersøkinga, kan du trygt trykke på lenka.
19. november kl. 10–11 inviterer Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, Senter for norsk fagspråk ved Universitetet Bergen og Språkrådet til nettseminar om vektlegging av norsk fagspråk i samband med merittering og rekruttering i høgare utdanning. Nettseminaret er meint som ei hjelp til å følgje opp den nye universitets- og høgskulelova som tredde i kraft 1.8.2024, og handlingsplanen for norsk fagspråk i akademia som kom i 2023.