Hopp til hovedinnhold

Norsk under press på dei plattformene unge brukar mest


Norsk språk står sterkt i regulerte medium, men engelsk dominerer på dei plattformene unge brukar mest.

Det viser ein rapport frå ei kartlegging Språkrådet har gjort av det norskspråklege medietilbodet til denne gruppa.

Barn og unge møter minst norsk på arenaer som sosiale medium, strøymeplattformer og dataspel, der dei også møter viktig kulturinnhald.

–  Norsk står i fare for å bli utkonkurrert av engelsk på viktige arenaer for barn og unge,seier Nina Teigland, konstituert direktør i Språkrådet.

Om kartlegginga

Kartlegginga byggjer på statistikk, forsking og undersøkingar om medievanane og kulturbruken til barn og unge og det norskspråklege medietilbodet dei møter. Kjeldematerialet er hovudsakleg frå 2021–2025 og inkluderer data frå mellom anna SSB, Medietilsynet, Ungdata, NFI og Kantar. Rapporten byggjer vidare på eit liknande arbeid Språkrådet gjorde i 2017.

Nyheitskvardagen er prega av algoritmar

Eit av områda Språkrådet legg vekt på i kartlegginga, er nyheitsbruken til barn og unge. Sjølv om NRK og Supernytt framleis er dei mest populære nyheitsmedia blant dei yngste, har sosiale medium no vorte den viktigaste kjelda til nyheiter for ungdom.

Heile 80 prosent av barn og unge i aldersgruppa 9–15 år brukar sosiale medium til nyheiter ein gjennomsnittsdag, ifølgje tal frå SSB frå 2025. Samtidig blir det rapportert at engelsk er mest i bruk på flater som TikTok, Snapchat og Instagram.

– Når viktige samfunnsdebattar flyttar seg frå redaktørstyrte medium til algoritmestyrte plattformer, risikerer norskspråkleg, kvalitetssikra innhald å mista ein viktig plass i nyheitskvardagen til barn og unge, seier Teigland.

Ho meiner norske redaktørstyrte medium spelar ei viktig rolle både språkpolitisk og for demokratideltakinga til dei unge.

– Tilgang til og innhald frå redaktørstyrte nyheitsmedium på norsk er avgjerande for eit ope og opplyst offentleg ordskifte og heilt sentralt i arbeidet for ytringsfridom og mot desinformasjon.

I årets statsbudsjett foreslo regjeringa å auka løyvinga til redaktørstyrte mediummed til saman 40 millionar kroner. 10 millionar kroner skal gå til å auka bruken av redaktørstyrte medium blant unge.

Språkkrav sikrar status

Kartlegginga til Språkrådet viser samtidig at norsk står sterkast på dei områda der det allereie finst språkkrav eller krav til innhald.

Allmennkringkastarane og barne- og ungdomslitteraturen peikar seg ut her.

– Det viser at språkpolitiske verkemiddel har effekt. Me meiner at desse verkemidla bør utviklast vidare for å sikra at norsk språk står sterkt på nye mediearenaer òg, seier Teigland.

Konkurransen om merksemda til dei unge er stor, og tilbodet av norske filmar, seriar og dataspel er langt mindre enn tilbodet på engelsk. Kartlegginga viser samtidig at barn og unge likar norsk innhald, men at tilbodet av nytt innhald, særleg for ungdom, er avgrensa.

Eit heilt sentralt mål i kulturpolitikken er at det norske tilbodet skal vera av like høg kvalitet som det engelskspråklege og halda same standard.

– Difor bør me sikra at unge har eit så godt tilbod på norsk at det blir mogleg å velja norsk heller enn engelsk om ein ønskjer det. Val av språk formar språkleg identitet og lesevanar og har mykje å seia for deltaking i norsk demokrati og samfunnsliv.

Kva vil dei unge ha?

Kartlegginga avdekkjer òg kunnskapshol. Det manglar språkdata på fleire område, og det gjer det utfordrande å følgja utviklinga til norsk språk på kultur- og mediefeltet.

Språkrådet har difor sett i gang ei ny undersøking som skal gje meir kunnskap om kva barn og unge sjølve meiner om innhaldet dei møter på ulike plattformer. Mellom anna skal Språkrådet undersøkja kva rolle språk spelar når barn og unge vel eller vel bort innhald i digitale medium.

Det er Telemarksforsking som gjer undersøkinga for Språkrådet. Resultata frå undersøkinga skal leggjast fram hausten 2027.

– Me veit mykje om kva medium barn og unge brukar, men mindre om kva rolle språket spelar når dei vel innhald. Skal me utvikla gode og treffande språkpolitiske tiltak, treng me meir kunnskap om kva dei unge sjølve meiner og gjer, seier Teigland.

Nynorsk tapar på alle frontar

Ikkje uventa står det heller ikkje heilt bra til med nynorsken i det norskspråklege medietilbodet til barn og unge.

NRK skil seg ut grunna særskilde språkkrav, men innhald på nynorsk er elles lite synleg mellom anna i teksting av film og seriar, dataspel og sosiale medium. Også talet på nye barne- og ungdomsbøker på nynorsk har gått ned.

Utvalde funn frå kartlegginga

  • Engelsk er hovudspråket på fleire av dei plattformene barn og unge brukar mest, blant anna sosiale medium, dataspel og strøymetenester.
  • Sosiale medium er hovudkjelda til nyheiter blant ungdom. 80 prosent av barn og unge i aldersgruppa 9–15 år brukar sosiale medium til nyheiter ein gjennomsnittsdag, ifølgje tal frå SSB, 2025.  I 2025 var sosiale medium for første gong større enn nettaviser som viktigaste nyheitskjelde for ungdom mellom 15 og 19 år (Kantar Media, 2025).
  • Norsk språk står sterkt i regulerte medium som mottar offentleg støtte, som i allmennkringkastinga og i barne- og ungdomslitteraturen.