Den tolvte spelaren

Eit fotballag har elleve spelarar på banen, men dei som heiar fram laget, vert ofte kalla «den tolvte spelaren» eller «den tolvte mannen».
Nesten alle idrettar har tilskodarar, men fotball står i ei særstilling med tanke på organisering av tilhengjarane. Medan «vanlege» tilskodarar ser på kampen og kanskje gjev frå seg lyd ved mål og ein applaus innimellom, vil dei som ser på seg sjølve som ein tolvte spelar, forsøkja å påverka kampen gjennom song, rop og visuelle effektar. Den vanlege nemninga på ein tolvte spelar er supporter, eit lånord frå engelsk som tyder ‘ein som gjev støtte’. Ein kan vera fan av ein klubb, eit lag eller ein spelar – eit anna engelsk lånord, som er ei forkorting av fanatic – ‘fanatikar’. Ordet kjem frå latin fanaticus. Opphavleg vart ordet nytta om religiøs overtyding, men no vert det nytta om all slags einsidig tru og støtte.
Tifo
Den visuelle støtta på tribunen vert ofte kalla tifo. Det er ei forkorting av italiensk tifosi, som er ei gruppe tilhengjarar. Ein tifoso (mannleg) eller ei tifosa (kvinneleg) tydde opphavleg ‘tyfuspasient’. Tifo vart nytta om den feberheite støtta til laget som tifosi viste. Med nemninga tifo meiner ein i Italia all støtta frå tribunen, både song, rop, banner, flagg og så vidare. I Noreg vert tifo brukt om dei elementa som vert kalla coreografie ‘koreografi’ i Italia: mosaikk med ark eller plast, store banner og liknande.
Ultra
Ultras er organiserte tilhengjarar, men gjerne i mindre og meir samanvovne grupper enn dei store og (halv-)offisielle supporterklubbane. Ultra kjem frå latin og tyder ‘det som er på den andre sida’, og det vert nytta om noko som er ytterleggåande, radikalt, ekstremt. Ultrafiolett er ytst i regnbogen, ultralyd har så høgt svingetal at menneske ikkje kan høyra han. Ultra- vart nytta i Frankrike og Italia om ulike ytterleggåande politiske retningar, og etter kvart også om ekstreme supporterar. Den første gruppa som kalla seg ultras, var supporterar av Genova-klubben Sampdoria, Ultras Tito Cucchiaroni. Gruppa tok namn etter den argentinske spelaren Ernesto Cucchiaroni.
Casuals og hooligans
Blant subkulturane som er knytte til fotballen, finn ein også casuals og hooligans. Desse gruppene kan vera overlappande, men i regelen kan ein seia at casuals har eit fokus på merkeklede og musikk attåt slåstkampar i samband med fotball, medan hooligans mest kan definerast ved at dei slåst. Namnet casual (engelsk for uformell, kvardagsleg) kjem av at desse gruppene ikkje kledde seg i klubbfargar (drakt, skjerf osb.), men i sports- og merkeklede. Slik kunne dei unngå merksemd frå politi. Ordet hooligan kjem visstnok frå ein irsk familie med namnet Hooligan/Houlihan, som laga bråk i skjenkjestover på 1800-talet.
Oljeberget
Det norske landslaget for herrar har ein supporterklubb som heiter Oljeberget. Namnet speler på den norske oljerikdomen og på staden der Jesus heldt bergpreika. Dei ståande supporterane kan også samanliknast med eit fjell. Samanstillinga -berget har vore vanleg for norske supporterklubbar og kjem truleg av at supporterane til Vålerenga fekk kallenamnet Apeberget. Det var faktisk supporterane til ishockeyklubben Sparta Sarpsborg som kalla seg Apeberget. På ein kamp mellom Sparta og Vålerenga spurde ein journalist om kven det var som laga så mykje lyd. Han fekk til svar at det var Apeberget. Sidan fekk ein til dømes Maakeberget (Haugesund), Tigerberget (Start) og Fleskaberget (Sogndal).
