Hopp til hovedinnhold

Undervisningsmateriell om fleirspråklegheit

Som takk for at du deltek i undersøkinga om fleirspråklegheit i grunnskulen, får du som lærar tilgang til ferdig undervisningsmateriell du kan bruke i klasserommet.


bokmål | nynorsk

Oppgåve: Utforsk fleirspråklege ord saman! 

Instruks til lærarane:

Dette er ei oppgåve der elevane jobbar i par eller små grupper og snakkar saman om ord frå andre språk enn norsk. Målet er å skape medvit og nysgjerrigheit rundt fleirspråklegheit og språkleg mangfald.

Oppgåva kjem i to ulike format: video og tekst.

  • Videoen inneheld spørsmål om fleirspråklege ord og kan brukast av elevane til å svare på spørsmål i par.
  • Teksten inneheld spørsmål som elevane kan bruke til å intervjue kvarandre om ord.

Vennligst godta markedsføringskapsler for å se denne videoen.

Intervjuspørsmål:

  • Kan du nokre ord på andre språk enn norsk? Har du nokon døme?
  • Når bruker du desse orda? Til dømes: Når du kommuniserer med venner på sosiale medium, når du snakkar med familien din heime, eller når du lærer eit fag på skulen.
  • Har du eit favorittord frå eit anna språk enn norsk? Kva tyder det, og kvifor likar du akkurat dette ordet?

Forslag til gjennomføring av oppgåva:

  1. Byrje med ei felles idémyldring: Be elevane foreslå ord dei brukar eller likar frå andre språk.
  2. Samle orda (til dømes med Mentimeter eller på ei tavle).
  3. Vis resultatet for klassen.
  4. La elevane jobbe i par og intervjue kvarandre om orda.

Ønskjer du fleire ressursar om fleirspråklegheit?

Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO) har mange gratis ressursar om temaet fleirspråklegheit. Her er nokre utvalde tilrådingar til bruk i klassen: