Hermeteikn set vi kring ord og ordgrupper som skil seg ut frå den vanlege teksta.
Det blir brukt fleire slags hermeteikn i norsk. Det finst reglar for bruken av enkle og doble hermeteikn, men ikkje for den nærare utforminga.
Doble vinklar (vinkelteikn):
«sitat»
Desse teikna er vanlege i bøker og aviser, og mange dataprogram rettar automatisk til desse teikna. Vinkelspissane skal vende utover i norsk.
Først doble komma nede (føre sitatet) og så doble apostrofar oppe (etter sitatet):
„sitat“ eller „sitat”
Desse teikna var vanlege på trykk fram til ca. 1900 og var òg lenge mykje brukte i handskrift, men dei er mindre vanlege no.
Doble komma (doble apostrofar) oppe (føre sitatet) og oppe (etter sitatet):
“sitat” eller ”sitat” eller "sitat"
Desse teikna er vanlege i skriveprogram.
Enkle hermeteikn:
‘sitat’ eller ’sitat’
Dei enkle teikna har berre to bruksområde i vanleg tekst: sitat i sitat og ordtyding. Sjå dei siste to punkta om bruksmåtar nedanfor.
Hermeteikn (doble) blir brukte føre og etter ordrette sitat:
Tittelen på artikkelen er «Fornavn i Norge gjennom 1000 år».
Hermeteikn blir brukte til attgjeving av direkte tale og direkte tanke:
Faren spurde: «Kva kosta drosjeturen?»
«Galnare kan det ikkje bli!» tenkte ho.
Hermeteikn kan brukast kring namn på sjølvstendige kunstverk som bøker, filmar, musikkstykke, plater osv. og kring namn på båtar, bygningar o.l.:
Hamsuns «Segelfoss by»
Ho spela Agnes i «Brand».
premieren på «Istid 3»
Vi gjekk om bord i «Richard With» i Kristiansund.
kryssaren «Murmansk»
Hermeteikn gjer meininga tydelegare når titlane er lange eller elles ville vore tvitydige.
Boktitlar kan òg markerast med kursiv (Halvbroren). Kortare tekstar (artiklar, noveller, songar, dikt o.l.) står gjerne i hermeteikn («Til min Gyldenlak» av Wergeland). Namn på aviser og blad treng vanlegvis ikkje anna markering enn den store forbokstaven.
Hermeteikn (doble) kan brukast når ein vil markere at eit ord eller uttrykk er uvanleg, eller at ein brukar det med atterhald eller ironi:
Dette er «gefundenes fressen» for avisene.
Dette var «øye» godt!
Her har du «rydda» fint, ser det ut til.
Hermeteikn (doble) eller kursiv kan brukast på ord som står som språklege døme:
«Skrive» er eit sterkt verb.
Skrive er eit sterkt verb.
Når ein bruker kursiv på ordet, set ein tydinga i hermeteikn. I fagtekst brukar ein då helst enkle hermeteikn:
verbet risse «skrive»
verbet risse ’skrive’
Sitat inni eit sitat markerer vi med enkle hermeteikn:
Ho spurde: «Kven har sagt ’Terningen er kasta’?»
I sitat skal som hovudregel berre teikn som høyrer til sjølve sitatet, stå mellom hermeteikna. Komma skal setjast utanfor, anten det opphavleg høyrer til sitatet eller ikkje.
Døme:
«Elevane skal ha tilgang til skolebibliotek», står det i opplæringslova.
«Eg kjem på fredag», sa han.
(På dette punktet har det vore ei regelendring. Før 2004 skulle kommaet stå føre hermeteiknet.)
Regelen er den same for sitat som er bygde inn i setninga ein sjølv skriv:
At han sier «jeg vil ikke», er ikke noe å bry seg om.
Utropsteikn og spørjeteikn som høyrer til sitatet, skal stå føre slutthermeteiknet:
«Kom!» sa far.
«Kommer du?» sa far.
Punktum skal stå føre slutthermeteiknet dersom sitatet inneheld ei setning eller noko tilsvarande (som byrjar med stor forbokstav), ikkje elles:
Ho sa: «I morgon reiser vi.»
Ho sa tydeleg «i dag», ikkje «i morgon».
Vi set hermeteikn
Hermeteikn står alltid parvis, føre og etter det som blir skilt ut.
Nynorsk
Bokmål