Hopp til hovedinnhold

Tilskott til innsamling og registrering av stadnamn


Språkrådet lyser ut tilskott til innsamling og registrering av stadnamn. Søknadsfristen er 7. april 2026.

I statsbudsjettet for 2026 er det sett av 1 590 000 kroner til ei tilskottsordning for innsamling og registrering av stadnamn (kapittel 326 post 73). Kulturdepartementet har gitt Språkrådet i oppdrag å forvalte denne ordninga.

Stadnamn er viktige språklege kulturminne. Det språkhistoriske, kulturhistoriske og busetjingshistoriske aspektet ved desse namna kastar lys over liv og virke i tidlegare tider. Dei fleste eldre stadnamn er overleverte munnleg frå den eine generasjonen til den neste. Endringane i busetjingsstrukturen og overgangen til maskinelle driftsformer i primærnæringane gjer at mange gamle stadnamn går ut av bruk. Kulturarven som desse namna representerer, står i fare for å gå tapt når dei siste som kjenner til og bruker namna, fell frå.

Formålet med tilskottsordninga er å bidra til å berge denne kulturarven ved å gi støtte til lokale aktørar som vil samle inn stadnamn. Innsamling og registrering skal samordnast, slik at namna kan bli tilgjengelege for flest mogleg. Det materialet som blir samla inn, blir derfor lagt inn i ein nasjonal namnebase ved Universitetet i Bergen. 

Dei som registrerer og samlar inn stadnamn, skal kunne leggje inn opplysningar knytte til namnet, inkludert lydfiler med uttaleopplysningar og bilde av staden. Namnebasen skal kunne brukast både i vitskapleg samanheng og til å auke kunnskapen om stadnamn som immaterielle kulturminne.

Namneinnsamlinga kan gjelde kvenske, samiske, skogfinske og norske namn. Eventuelle prosjekt som gjeld stadnamn i Noreg på romani, romanes eller norsk teiknspråk, vil vere velkomne. Innsamling i område som er dårleg dekte frå før, vil bli prioritert.