Tar ansvar for fagspråk på nynorsk

Med tydelege mål, ein femårsplan og to nynorskmånadar har Forskingsrådet fått fart på nynorskarbeidet.
Forskingsrådet er eit statsorgan som fordeler forskingsmidlar på vegner av regjeringa. Forskingsrådet investerer over 11 milliardar kvart år i forskingsorganisasjonar, offentleg sektor og næringsliv. Verksemda har med andre ord stor påverknad på samfunnet – og ho har mykje ho skal formidle til både bokmåls- og nynorskbrukarar.
– Tidlegare har arbeidet med nynorsk vore nokså ustrukturert, og det var avhengig av enkeltpersonar. Det var styrt nedanfrå. Alle visste at vi skulle bruke både bokmål og nynorsk, men ingen hadde ein plan for korleis vi skulle gjera det, seier Therese Farstad, som arbeider med kommunikasjon i Forskingsrådet.
Språklova vart ei viktig drivkraft i arbeidet i Forskingsrådet da ho kom i 2022. Leiargruppa vart meir medviten om tilsynsrapportane frå Språkrådet. Leiarane såg at det ikkje vart arbeidd godt nok med nynorsk, så da tok dei tak og laga ein femårsplan. Slik fekk heile organisasjonen eit meir bevisst forhold til språkarbeidet.
– Dei fleste føler at språklova vedkjem dei, alle brukar jo språk. Mållova framstod nok som meir abstrakt og kjentest mindre relevant for mange. Eg trur at språklova har fått større gjennomslag enn mållova hadde, og det verkar òg som om media skriv meir om bruken av nynorsk i det offentlege nå enn før, seier kommunikasjonskollega Emmy Gram Lauvanger.
Kva resultat har de fått?
– Vi har fått mykje meir nynorsk på nettsidene våre! Det har også vorte mindre motstand internt, i starten var det litt skepsis. Men alle ting blir jo mindre skumle etter kvart som ein blir van med dei. Sjølv har eg fått eit større ordforråd. Og arbeidet med nynorsken har gitt motivasjon til å rydde på nettsidene, seier Lauvanger.
Arbeid med nynorsk fagspråk er meiningsfullt
Forskingsrådet har innført nynorskmånad i både mai og november. Da blir alle nettsaker, pressemeldingar, arrangementstekstar og postar i sosiale medium og alle innlegg på intranettet skrivne på nynorsk.
– Vi i kommunikasjonsavdelinga har eit ekstra ansvar for å omsetja eller bestille tekstar på nynorsk. Vi passar ekstra på og minner alle dei andre på å skrive på nynorsk, og vi passar på at arbeidet med nynorsk kjem med i ulike årsplanar og rapportar der det er relevant. Vi har også begynt med jamlege målingar, slik at vi veit korleis vi ligg an gjennom året. Og vi har ein nynorskrobot som senkar terskelen for mange for å koma i gang med å skrive nynorsk, seier Lauvanger.
Dei to kommunikasjonsrådgjevarane fortel at dei synest det er viktig å bruke nynorsk av mange ulike grunnar.
– Vi arbeider med kunnskap, og da er det viktig at vi sjølve også bidreg til meir kunnskap. Vi har ansvar for det nynorske fagspråket på feltet vårt, nynorskarbeidet fekk ein litt høgare himmel for oss da vi begynte å tenkje over dette! Det er også viktig at båe skriftspråka er synlege på nettsidene våre til ei kvar tid, sidan eitt av formåla med språkpolitikken er at alle skal lese båe språka jamt og trutt. Vi skal også tilby nynorske søknadsskjema til alle som ynskjer det, det er viktig for å yte god sørvis.
Meir nynorsk gir betre bokmål
Lauvanger seier at ho synest det er lettare å skrive klart når ho skriv nynorsk. Når ho omset eller redigerer tekstar, får ho brukt hjernen og arbeidd med aktive verb og forståelege formuleringar.
– Eg har vorte meir medviten om kor passivt ein skriv til vanleg. Å omsetja ein tekst er ein god test for å sjå om originalversjonen er bra. Å arbeide med nynorsk gjer at ein blir betre i norsk, rett og slett.
Farstad gir gjerne råd til andre verksemder som vil jobbe med nynorsken:
– Ein må forankre arbeidet i leiinga, det er det viktigaste. Her har ein svært god støtte i dei krava som ligg i språklova. Så må ein setja seg tydelege og realistiske mål. Ein treng ikkje auke nynorskprosenten for mykje om gongen, ein kan gjerne laga ein plan som går over fleire år. Det hjelper òg å vera med i eit nettverk med andre som arbeider med kommunikasjon i det offentlege. Her får vi mange gode tips og råd vi kan ta med oss inn i arbeidskvardagen vår.
Til slutt seier dei to rådgivarane at det har vore nyttig å ha god dialog og samarbeid med Språkrådet.
– Dei som jobbar i Språkrådet, er ikkje skumle, dei er berre hyggjelege og hjelpsame, hehe!
Abonnerer du på Språknytt?
Nyheitsbrevet gir deg sakene rett i innboksen: Les om språkutviklinga og språkpolitikken. Få tips og råd til bruk i språkkvardagen.
Ikkje det? Registrer deg her!