Hopp til hovedinnhold

Nettseminar: Språk som kvalitet i høgare utdanning – korleis få det til?


18. juni frå kl. 10 til 11 inviterer Språkrådet, Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse og Termportalen ved Universitetet Bergen til nettseminar om språk og utdanningskvalitet i høgare utdanning.

Seminaret er det andre av to som vi arrangerer om dette temaet i 2025. Denne gongen set vi søkjelyset på korleis ein kan innlemme fagspråk og fagspråkleg kommunikasjon i utdanningane på måtar som fremjar utdanningskvalitet og læringsutbytte. Det blir også innlegg om korleis internasjonalt tilsette kan få dei språkferdigheitene dei treng for å undervise på det nasjonale språket.

Program frå kl. 10.00:

  • Harald Bolstad Evensen, fag- og forskningspolitisk ansvarleg i Norsk studentorganisasjon: om språk og læringsutbytte frå eit studentperspektiv
  • Marita Kristiansen, fagspråkforskar og fagleg leiar for Termportalen: om samanhengen mellom fagspråk og fagkunnskap
  • John Airey, professor ved Universitetet i Stockholm: om fagspesifikk litterasitet (disciplinary literacy) og korleis ein kan gå fram for å definere fagspesifikke språklege læringsmål
  • Katja Årosin Laursen frå Center for Internationalisering og Parallelsproglighed, ansvarleg for danskkurs for internasjonalt tilsette ved Universitetet i København: om korleis internasjonalt tilsette kan støttast i overgangen frå å undervise på engelsk til å undervise på dansk
  • Trude Bukve, førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet: om korleis studentar opplever samanhengen mellom språk og læringsutbytte i høgare utdanning

Frå ca. kl. 10.50: spørsmål frå publikum (det vil vere høve til å stille spørsmål i chatten undervegs)

Seminaret vil bli teiknspråktolka.