Hopp til hovedinnhold

Nettseminar: Norsk fagspråk i samband med merittering og rekruttering i høgare utdanning


19. november kl. 10–11 inviterer Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, Senter for norsk fagspråk ved Universitetet Bergen og Språkrådet til nettseminar om vektlegging av norsk fagspråk i samband med merittering og rekruttering i høgare utdanning. Nettseminaret er meint som ei hjelp til å følgje opp den nye universitets- og høgskulelova som tredde i kraft 1.8.2024, og handlingsplanen for norsk fagspråk i akademia som kom i 2023.

Program frå kl. 10.00

  • Vidar Røeggen, seniorrådgjevar i Universitets- og høgskolerådet, om aktuelle reformar for vurdering av forsking og forskarar og tankar om korleis ein kan sjå for seg mogelegheita for å inkludere parallellspråkleg praksis ved tilsetjing og opprykksituasjonar.
  • Mathilde Skoie, viserektor ved Universitetet i Oslo (UiO), om kva UiO gjer for å merittere arbeid med og bruk av norsk fagspråk og om dei legg vekt på dette i samband med rekruttering og opprykk. 
  • Verónica Pájaro, leiar av det språkpolitiske utvalet ved Universitetet i Agder (UiA), om kva UiA gjer for å merittere arbeid med og bruk av norsk fagspråk og i kva grad dei legg vekt på dette i samband med rekruttering og opprykk. 
  • Hilde Gunn Slottemo, nestleiar i Forskerforbundet, om i kva grad det er lagt til rette for merittering av ulike aktivitetar knytte til samfunnsoppdraget til universiteta og høgskulane og kva typar aktivitetar som burde gje utteljing i samband med merittering. 

Frå ca. kl. 10.40

  • Panelsamtale med mellom anna spørsmål frå publikum (det vil vere høve til å stille spørsmål i chatten undervegs).

Seminaret vil bli teiknspråktolka.