Hopp til hovedinnhold

Kvifor er nynorsk usynleg på kino og på Netflix?


Nye krav kan føre til at store strøymetenester får fleire filmar og seriar på norsk. Samstundes er nynorsk så godt som usynleg både hos Netflix, Max og Disney og på det store lerretet. Dette bør det gjerast noko med.

I februar vedtok Stortinget ei endring i kringkastingslova. Innstillinga frå kultur- og familiekomiteen slår fast at lovendringa «stimulere[r] til filmpolitisk måloppnåelse, kulturelt og kunstnerisk mangfold og språklig utvikling i Norge».

Endringa forpliktar tilbydarar av såkalla audiovisuelle bestillingstenester å bidra økonomisk til produksjon av norske audiovisuelle verk. Med andre ord må strøymetenester som Disney, Max og Netflix legge pengar i norskspråkleg film- og serieproduksjon. Frå 2026 er det snakk om 150 til 200 millionar kroner årleg.

Endringa trer i kraft 1. mai i år og kan bidra til å styrke norsk språk og kultur. Reguleringa av strøymetenestene kjem fordi dei blir stadig viktigare i mediekvardagen i Noreg. Strøymetenestene tar til dels over for allmennkringkastarane NRK og TV 2, som må rette seg etter ei lang rekke kulturpolitiske krav.

Langt mellom filmar og seriar med nynorskteksting

Folk flest les færre bøker enn tidlegare, og teksting av tv, film og seriar blir difor ei svært viktig kjelde til skriftleg norsk. Allmennkringkastaren NRK bruker mykje nynorsk i tekstinga si, men dei private strøymetenestene bruker så å seie aldri nynorsk.

Språkrådet tok kontakt med kundeservice hos Netflix for å høyre om tenesta har innhald teksta på nynorsk. «Nei» var det stutte svaret vi fekk. Det er ikkje noko som tyder på at stoda er annleis hos dei andre strøymetenestene. På kino er situasjonen marginalt betre, og nokre få filmar har vore teksta på nynorsk dei siste åra. På 1980-talet var Ronja Røvardotter teksta på nynorsk nokre stader. Nesten tretti år seinare kom gangsterfilmen Tropa de elite med undertekstar på nynorsk på kino. Det skjedde like etter at Norsk Målungdom hadde jobba med ein kampanje for å stille krav om minst éin nynorskteksta film på norske kinoar i 2008.

På 2010-talet vart berre nokre få kinofilmar distribuerte med tekst på begge skriftspråk. Etter 2020 har det ikkje kome ein einaste kinofilm med nynorske undertekstar, så vidt vi veit.

På Blu-ray har det derimot kome fleire filmar med nynorsk teksting dei siste åra. Bortimot heile Norske filmklassikarar-serien til Platekompaniet og Christer Falck har nynorsk teksting. Det viser at det er mogleg med undertekstar på nynorsk. Kanskje kunne strøymetenestene nytta seg av same teksting når dei tilbyr filmar som Uno og Reprise til abonnentane sine?

Undertekstar speglar ikkje det språklege mangfaldet

Nær halvparten av befolkninga i Noreg ser på strøymt innhald ein gjennomsnittleg dag, viser Statistisk sentralbyrås Mediebarometer for 2024. Strøyming er mest populært blant unge vaksne i alderen 16 til 34 år. Om lag 80 prosent av befolkninga har eit fast kinotilbod i kommunen sin, og kino er ein av dei mest brukte kulturaktivitetane blant nordmenn, ifølgje regjeringa sin kino- og filmformidlingsstrategi Mer film sammen. I strategien er det formulert som eit kulturpolitisk mål at det skal leggast til rette for breidde og mangfald i kinotilbodet i heile landet.

I 2012 vart det vedteke ei endring i forskrifta om tilskot til audiovisuelle produksjonar som stiller krav om at alle norske filmar skal ha norskspråklege undertekstar. Sidan 2017 har det vore krav om at alle filmar skal synstolkast. Men språkleg breidde og mangfald visest i dag ikkje i undertekstar, korkje på kino eller på strøymetenestene. Det kjem heller ingen krav om dette i paragrafen om plikt til å investere i norskspråklege audiovisuelle verk, som tok til å gjelde 1. mai i år.

Nynorsk har vore og er framleis nærmast usynleg på det store lerretet og på små og store skjermar i heimen. Over ein tredjedel av alle kommunale kinoar i Noreg ligg i nynorskkommunar og i språknøytrale kommunar med ein stor del nynorsk. Kvifor skal ikkje kinogjengarane her få møte språket sitt?

Bokmål treng ikkje vere norma

Språklova slår fast at nynorsk og bokmål er likestilte skriftspråk, og at ein må setje inn særlege tiltak for å styrke nynorsk, som er det minst brukte skriftspråket. Men det finst inga lov som slår fast at all underteksting skal vere på bokmål.

Andre land fører ein offensiv språkpolitikk for å verne om mindre brukte språk. Spanske styresmakter sette til dømes krav om innhald på baskisk, galisisk og katalansk i strøymetenestene i 2022. Det er ingen grunn til at vi i Noreg skal vere mindre offensive enn i Spania.

Språkrådet og Landssamanslutninga av nynorskkommunar meiner at manglande nynorsk i undertekstar heng saman med gammal vane og mangel på treffsikker politikk. Vi håpar og trur at 2020-talet skal bli tiåret då det losnar for teksting på nynorsk.

Vi vil difor føreslå følgjande tiltak for å snu trenden:

  • sørge for at filmane som ligg an til å bli dei største kassasuksessane i eit kinoår, får teksting på både nynorsk og bokmål – då kan kinoane sjølve velje, og tenåringar på Voss, i Volda og i Vinje kan få sjå at språket deira funkar også på film
  • setje krav om at ein viss del av tekstinga hos strøymetenestene skal vere på nynorsk, slik at alle skal kunne lese både bokmål og nynorsk i undertekstar på desse plattformene
  • setje krav om at filmane som vert synt til fleire tusen barn og unge gjennom Den kulturelle skulesekken, er teksta på både nynorsk og bokmål

Desse filmane har hatt nynorsk kinoteksting:

  • Tropa de elite (2008)
  • Få meg på, for faen (2011)
  • Drømmen om MGP jr. (2013)
  • Reisa til Fjørkongens rike (2014)
  • Hevn (2015)
  • Skammerens datter (2015)
  • Richard Storken (2017)
  • Skammerens datter 2 (2019)

Skriven av: Språkrådet og Landssamanslutninga av nynorskkommunar