– Kvart einaste menneske har ei stor historie, seier språkprisvinnar Katrine Sele

Laurdag 23. oktober tok Katrine Sele imot Språkprisen. Ho får prisen for bøkene Jølster hotell og Einars bok.
– Fordi eg er lokaljournalist, er eg trent på å finne gode saker i nærmiljøet. Slik har eg vorte oppteken av livshistorier. Kvart einaste menneske går rundt med ei stor historie. Ein kunne skrive ein biografi om absolutt alle menneske, sa Katrine Sele i samtale med Kaja Schjerven Mollerin under utdelinga av Språkprisen.




