Kva skal bli årets teikn for 2025?

Språkrådet skal kåre årets teikn 2025 i norsk teiknspråk. Du kan bli med og foreslå teikn!
Har du eit yndlingsteikn for 2025? Er det eitt teikn som seier mykje om året som gjekk, eller som blei brukt meir eller på nye måtar i dette året?
Nominer teiknet som kandidat til årets teikn 2025. Framlegget ditt må oppfylle minst eitt av desse kriteria:
- Teiknet særmerkjer 2025.
- Teiknet er nytt for deg.
- Du synest teiknet er spennande.
Send framlegget til post@sprakradet.no med ei forklaring på kva teiknet tyder, og kvifor du har valt det. Fortel òg kven du er, og korleis vi kan kome i kontakt med deg.
Fristen for å sende inn framlegg er 6. mars 2026.
Årets teikn blir offentleggjort på den nasjonale teiknspråkdagen 25. mars.