Hopp til hovedinnhold

Kva om ChatGPT skreiv lærebøkene? Ein konferanse om læremiddel i skulen


Torsdag 27. november arrangerer KS og Språkrådet ein nasjonal konferanse om læremiddel i grunnopplæringa.

Elevar i norske klasserom les tekstar på skjerm og papir. Tekstane dei les, er laga av forfattarar, læremiddelprodusentar og no også språkmodellar. Innovasjonar, reguleringar, stram kommuneøkonomi og stadig kraftigare språkmodellar kan gjera det vanskeleg for lærarar, andre skulefolk, forleggarar og læremiddelprodusentar å få oversyn over læremiddelsituasjonen. Korleis kan vi sikre at lærarane og elevane har tilgang på gode nok læremiddel?  

Riksrevisjonen la nyleg fram sin rapport om læremidla i grunnopplæringa. I rapporten kjem det fram at ein av fem lærarar meiner dei ikkje har dei læremidla dei treng. Men kva inneber det? Kva treng dei?

Med denne konferansen ønskjer vi å gje aktuelle aktørar betre innsikt i læremiddelsituasjonen for elevar, lærarar og styresmakter.

Stad: Aulaen på Oslo katedralskole.
Tid: Torsdag 27. november 2025, 09.00–15.15

Program

09.00: Velkomen og opning

Kari Nessa Nordtun, kunnskapsminister
Liv Cathrine Krogh, dagens konferansier og førstelektor ved Universitetet i Søraust-Noreg
Nina Jenseløkken, seniorrådgivar i Riksrevisjonen

10.00: Del 1. Kva er stoda?

Thom Jambak, nestleiar i Utdanningsforbundet
Helge Eide, områdedirektør for Samfunn, velferd og demokrati i KS
Hedda Børgesen Bråten, nestleiar i Elevorganisasjonen
Ståle Sand Kalkvik, leiar av Foreldreutvalet for grunnopplæringa

11.20: Del 2. Kva om ChatGPT skreiv lærebøkene?

Øystein Nilsen, avdelingsdirektør i avdeling for digitale tenester i Utdanningsdirektoratet
Anniken Sundby, førsteamanuensis ved Universitetet i Søraust-Noreg
Matias Jentoft og Dagfinn Rødningen, seniorrådgivarar i Språkrådet

13.30: Del 3. Korleis blir digitale løysingar til?

Hanne-Mari Bennett, forlagsdirektør i Gyldendal Norsk Forlag
Carl Morten Knudsen, dagleg leiar i Creaza AS
Lene Karin Wiberg, spesialrådgivar i KS
Silje Stokke Beilegaard, digitalrådgivar i seksjon for kompetanse og pedagogisk utvikling i Vestfold fylkeskommune
Kresten Bjerg, kommunikasjonsrådgivar, forfattar og undervisar i skriftleg formidling

15.05: Avslutning

Vi tek atterhald om endringar i programmet.

Arrangementet er gratis, og det blir enkel servering.

Kontaktinformasjon

Språkrådet: Vigdis Arnesen, telefonnummer 96 94 16 47
KS: Pål Thygesen, telefonnummer 97 50 97 23