Hopp til hovedinnhold

Kåring av dei beste europeiske masteroppgåvene


Den europeiske samarbeidsorganisasjonen for språknemnder, EFNIL, skal kåre dei tre beste masteroppgåvene i Europa innanfor emna språkbruk, språkpolitikk og fleirspråklegheit. Studentar blir oppfordra til å sende inn oppgåvene sine og delta i konkurransen.

EFNIL ønskjer å fremje forsking på språkbruk, språkpolitikk og fleirspråklegheit, og vil at viktige forskingsresultat skal nå eit større publikum. Denne konkurransen skal motivere unge forskarar til å engasjere seg i forsking og formidling på området.

Konkurransen gjeld ferdige masteroppgåver som er vurderte/bedømte i 2024 (og fram til januar 2025). Oppgåver på alle europeiske nasjonalspråk kan vere med i konkurransen.

Dei tre studentane som sender inn dei tre beste oppgåvene, mottar EFNILs masteroppgåvepris (1 500 euro) og får høve til å presentere masteroppgåva på årskonferansen til EFNIL (alle utgifter blir dekte). Vinnarane kan få publisert kvar sin artikkel basert på masteroppgåva saman med dei andre artiklane frå årskonferansen. I tillegg får dei sjansen til å publisere heile masteroppgåva på nettsida til EFNIL: www.efnil.org.

Frist for innsending er 15. januar 2025.