Hopp til hovedinnhold

Hen tilbake frå høyring. Over 40 innspel om norsk rettskriving


Framlegg til endringar i rettskrivinga for bokmål og nynorsk har vore ute på høyring, og språkengasjerte nordmenn vil bli høyrde. I høyringsrunden kom det inn over 40 svar.

Framlegget om innføring av det kjønnsnøytrale pronomenet hen har utløyst flest reaksjonar. Mange har synspunkt på framlegget om å ta inn hen i norma. Nokre av høyringssvara gjeld òg bruk, definisjon, samsvarsbøying og objektsform av hen.

Både offentlege instansar, interesseorganisasjonar og privatpersonar har sendt inn høyringssvar. I tillegg til dei vanlege høyringssvara har det kome spørsmål, innspel og reaksjonar.

– Vi set pris på at så mange er opptekne av normering og rettskriving. Nå skal vi gå gjennom alle svara og vurdere om det er grunn til å endre framlegga, seier seksjonssjef i Språkrådet, Daniel Ims.

Til handsaming i styret

I tillegg til innføring av pronomenet hen er det mellom anna gjort framlegg om endringar i bøyinga av ein del inkjekjønnssubstantiv i bokmål og justering av genusnormering for nokre substantiv både i bokmål og nynorsk.

Dette er den fyrste høyringa av framlegg til rettskrivingsendringar sidan høyringsordninga vart innførd i 2021. Alle høyringssvara som er komne inn, blir handsama i Språkrådet. Om det er grunn til større endringar i framlegget om rettskrivingsendringar på bakgrunn av høyringssvara, går saka til ny handsaming i fagrådet for normering og språkobservasjon.

Alle normeringsvedtak skal godkjennast i styret i Språkrådet. Den fyrste delen av framlegga, som stort sett handlar om nøytrumssubstantiv i bokmål, er allereie handsama i styret. Den andre delen av framlegga blir truleg handsama før sommaren.