Hopp til hovedinnhold

Å spela korta sine godt


Spelet «Skogdal» kombinerer kunst, kortspel og nynorsk – med inspirasjon frå bygdeliv på 90-talet.

Våren 2025 vart «Skogdal» lansert. Spelet er resultatet av eit samarbeidsprosjekt mellom to brør frå Førde. Kay Arne Kirkebø er utdanna biletkunstnar og har handteikna spelet. Broren Erlend er spelprogrammerar og står for spelutviklinga.

Nynorsk og 90-talet

Universet i «Skogdal» er i svart-kvitt. Skogdal er ein litt dyster tettstad, laust inspirert av Førde, der brørne vaks opp på 90-talet. Spelet er historiedrive, og spelaren må samla inn ulike kort for å byggja ein kortstokk som rustar han til å kjempa mot fiendar og utfordringar. I Skogdal er ikkje alt heilt som det skal, og innbyggjarar kan gå til angrep.

Sidan handlinga i spelet er lagd til ein liten stad, fall det naturleg for Kirkebø-brørne å laga spelet på nynorsk, fortel Kay Arne Kirkebø. Det forsterkar opplevinga, meiner han.

– Det var eigentleg ikkje noko me diskuterte. Det er jo språket me er vakse opp med, og sånn eg snakkar. Og så er det eit kunstnarisk val i det. For min del kjende eg at det passa betre, reint historiemessig, til ein liten plass.

Kirkebø seier at han og broren ville ha undergrave eigne idear om dei hadde laga ein bokmålsvariant av spelet.

– Det var eigentleg ikkje nokon tvil. Det skulle vera på nynorsk, og viss du ikkje taklar det, får du spela på engelsk!

Kay Arne Kirkebø
Kay Arne Kirkebø

Kjenner seg att i speluniverset

Andre spel i same sjanger, kalla deckbuilder-spel, går ofte føre seg i ei fantasiverd med magi og drakar eller i eit framtidsunivers. «Skogdal» skil seg frå mengda.

– Me ville gjera det meir i samtida, seier Kay Arne.

Kjensla av å veksa opp på ein liten plass, på både godt og vondt, har inspirert han i teikneprosessen. Det har også fenga spelarane: I Skogdal finst det slitne bygningar, graffiti, ufine kråker og rusproblem. Lydsporet er det metallmusikar Anders Odden og pønkbandet Onkel $ som står for.

Erlend Kirkebø
Erlend Kirkebø

– Me har høyrt frå folk som har vakse opp på mindre stader rundt om i landet, at dei kan kjenna att kulturen og estetikken. Det er litt morosamt, fortel Kay Arne. 

Han skildrar hovudpersonen i spelet som ein fyr som bur i kjellarleilegheit og speler saman med kompisane sine, og som er litt lei av stå fast på ein liten plass.

– Du har bygdeoriginalane og dei som speler i rockeband i eit nedslite øvingslokale i utkanten av byen, og dei vande karakterane som heng utanfor butikken og kjøpesenteret.

Terningkast seks

Spelet har hausta gode tilbakemeldingar frå spelkritikarar rundt om i landet. NRK trilla ein seksar på terningen og peika ut spelet som ein kandidat til kåringa av Noregs beste nye spel. Spelfellesskapet Nerdelandslaget kalla spelet eit meisterverk, både fordi alt er teikna for hand, og fordi spelet har driv og er vanskeleg å avslutta.

– Alt heng veldig godt saman, med estetikk, språk og lyd. Og tilbakemeldingane me har fått, er at det er veldig gøy å spela det, og at ein ikkje klarer å leggja det frå seg, seier Kay Arne.

Me spør om språkvalet vart møtt med skepsis, men biletkunstnaren svarar at tilbakemeldinga har vore positiv.

Han meiner at fleire kunne nytta språket som verkemiddel i spelutvikling.

– Eg ville absolutt brukt nynorsk som ein ressurs for å skapa skilnadar mellom stader og folk, for å visa ein variasjon i kultur og i språk.

– Me tok litt sjansar

Teikninga og utviklinga av «Skogdal» har teke litt over to år. Totalt har brørne laga 350 spelkort med ulike funksjonar. Alle korta har tekst som forklarer kva dei betyr.

Kay Arne fortel at skrivinga var ein stor del av arbeidsprosessen, og at mykje tid gjekk med til å arbeida med teksten.

– Det var viktig for oss at det skal vera lettlese, samtidig som det skal vera enkelt for spelaren å skjøna spelet.

Fekk de nokon til å lesa korrektur?

– Me tok litt sjansar. Me gjekk over tekstar på eiga hand, og så har spelpublikummet vore flinke til å plukka opp feil undervegs.

Dermed har brørne kunna korrigera skrivefeil etter at spelet vart lansert.

– Og det som har vore litt morosamt og fint, er at nynorskentusiastar verkeleg har likt spelet og komme med velmeinte råd og korrektur gjennom Discorden. Det har vore til stor hjelp!

Kay Arne legg til at skrivinga har gitt meirsmak. No er han i gang med å tenkja på korleis dei kan vidareutvikla «Skogdal»-universet.

Framleis få spel på nynorsk

Det finst langt færre medie- og underhaldningstilbod for nynorskbrukarar enn for bokmålsbrukarar. Ved å la nynorsken vera berebjelke i spelet har Førde-brørne gjort noko litt uvanleg i den norske spelbransjen. Det finst nemleg ikkje mange spel med nynorsk tekst.

Støtteordningane frå NFI set krav om at spel som får utviklings- og lanseringstilskot, skal ha norsk tekst, men det er ikkje spesifisert kva skriftspråk teksten skal vera på. «Skogdal» fekk tilskot frå NFI to gonger og støtte frå Viken filmsenter.

Kay Arne trur at mange vel bort norsk når dei lagar spel, og heller brukar engelsk som spelspråk for å nå ut internasjonalt. Å dobbeltteksta eit heilt spel er dessutan ein tidkrevjande prosess. Den norske tekstinga vert som ei bonuspakke, og ofte brukar ein bokmål fordi ein skal verta fort ferdig, trur Kirkebø. Han understrekar at også han og broren vil nå ut internasjonalt med spelet sitt, men språket har nok vore ein større del av arbeidet deira enn det har vore for andre som omset tekst frå engelsk til norsk heilt til slutt.

Biletkunstnaren trur at nynorsken kan vera eit viktig verkemiddel i spelopplevinga. – Det kan henda me banar litt veg no, då. Det er jo ei kul greie å smykka seg med, seier Kay Arne.