Dei fleste er positive til fleirspråklegheit i skulen

Bruken av engelsk og andre språk i skulen har auka over tid. Både elevar og lærarar har fyrst og fremst positive haldningar til fleirspråklegheit, viser ei ny undersøking.
Fleirspråklegheit er ein integrert del av kvardagen til skuleelevar og blir stort sett rekna for å vera ein ressurs. Lærarar meiner at fleirspråklegheit medverkar til læring, språkleg medvit og inkludering. Det viser funna i rapporten «Flerspråklighet i grunnskolen» (jf. faktaboksen nedst i saka).
Jonas Yassin Iversen er professor i pedagogikk ved Universitetet i Innlandet. Han synest det er opplyftande å sjå kor positive lærarane stort sett er.
– Eg synest funna overordna sett er positive. Kvardagen til elevane har vorte meir fleirspråkleg, og skulen følgjer etter. Lærarane prøver å byggje vidare på språkbruken blant elevane på ein konstruktiv måte. Elevane ligg alltid eit hestehovud framfor, og skulen har ein veg å gå. Men lærarane er meir medvitne enn før, og dei etterspør meir kompetanse.
Ynskjer meir kunnskap
Mange av lærarane i undersøkinga svarar at dei ynskjer meir kunnskap om fleirspråklegheit, gjerne i form av kurs, vidareutdanning eller anna kompetanseheving. Dei etterlyser også konkrete metodar og undervisningsopplegg.
– Det er interessant at lærarar etterspør meir kompetanse. Eg jobbar i lærarutdanninga, og eg ser at lærarstudentar og dei som går på vidare- eller etterutdanning, er opptekne av fleirspråklegheit. Samtidig er det mange kommunar som byggjer ned og satsar lite på tospråkleg opplæring i fag og morsmålsopplæring. Så funna i rapporten er eit varsko til lokale politikarar, seier Iversen.
Kva lærer lærarstudentane om fleirspråklegheit på utdanningane?
– Det finst nokre kurs som tek for seg norsk som andrespråk. Så vidt eg veit, finst det ingen etter- eller vidareutdanningsprogram som spesifikt rettar seg mot fleirspråklegheit som ressurs. Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring gjer ein stor jobb med å utvikle og gjera tilgjengeleg undervisningsmateriale på fleire språk, men dei har små ressursar.
For vage føringar
Undersøkinga viser at både elevar og lærarar har utfordringar eller problem knytte til fleirspråklegheit. Nokre elevar seier at dei har vorte erta på grunn av språket dei har brukt, og at slike nedsettande kommentarar går ut over trivselen. Funna viser også at lærarane opplever fleirspråklegheit som ein ressurs under visse føresetnader, der elevane må ha gode kunnskapar både i norsk og i morsmålet for at det skal gi noko utbytte i undervisninga.
– Rapporten avdekkjer noko vi forskarar har sett lenge. Måten ein arbeider med fleirspråklegheit på, er ad hoc. Føringane er vage. Dei fleste er samde om at fleirspråklegheit er ein ressurs, men færre veit kva det vil seia i praksis.
Ein typisk situasjon i klasserommet er at læraren spør ein elev kva eit ord eller uttrykk heiter på fyrstespråket hans eller hennar. Men å kunne seia «hei» på fleire språk er ikkje nødvendigvis ein ressurs, meiner Iversen.
– Definisjonen min av at fleirspråklegheit er ein ressurs, er at elevane kan bruke fleire språk for å lære. Lærarane treng meir rettleiing for å arbeide slik.
Det ser ut til at lærarar har større vanskar med å bruke fleirspråklegheit som ein ressurs når elevane har lågare språklege ferdigheiter både i norsk og i morsmålet sitt. Kva kan vi gjera med desse utfordringane?
– Rapporten handsamar to moment som eg meiner det er best å halde frå kvarandre. Det eine er kompetansen elevane har i norsk, og undervisning i norsk som andrespråk. Det andre er fleirspråklegheit som ein ressurs i seg sjølv. Desse to momenta kan ein arbeide med parallelt. Morsmålsopplæring og tospråkleg opplæring i fag er viktig for å lære norsk, men det har også ein eigenverdi.
Kven har ansvaret?
Vi har altså kunnskap om korleis stoda er i skulen, og vi har forskarar som veit kva som skal til. Men kven har ansvaret for å gjera teori om til verkelegheit? Iversen peiker både på sentrale og lokale styresmakter.
– Utdanningsdirektoratet har stor definisjonsmakt i det norske skulesystemet. Det hadde vore ein fordel om direktoratet kunne konkretisere korleis ein skal arbeide med fleirspråklegheit. Utdanningsinstitusjonane har ei viktig rolle.
Politisk leiing i kommunane og skuleleiarar har eit ansvar, meiner Iversen. Han viser til at morsmålsundervisninga er under press mange stader fordi ein koplar det til ein større samfunnsdebatt om innvandring.
– Temaet blir politisk, og da er det lettare å kutte ned på undervisninga.
Språk gir tilgang til demokrati
Språkrådet er einig i at det er behov for ein innsats blant skuleeigarar og skuleleiarar. Leiarar må prioritere fleirspråklegheit dersom lærarane skal få tid og pengar til å heve kompetansen og arbeide systematisk.
– Det er behov for fleire lærarressursar for å leggje betre til rette for elevmangfaldet i kvar klasse. Fleire tospråklege lærarar kan støtte den språklege og faglege utviklinga til elevane, seier Nina Teigland, konstituert direktør i Språkrådet.
Kvifor er dette viktig for Språkrådet?
– Eitt av hovudmåla våre er at flest mogleg skal lære norsk best mogleg. Det er viktig for å bidra til og delta i samfunnet og demokratiet, og i velferda vår. Forskinga viser at eit godt utvikla fyrstespråk er ein føresetnad for ei god andrespråksutvikling. Vi har rykande ferske resultat frå PISA-undersøkinga som viser at leseferdigheitene blant norske elevar går ned. Vi treng å arbeide grundig og langsiktig for å motverke denne utviklinga, og satsing på fleirspråklegheit er eitt av mange tiltak som kan styrke språkkompetansen og hjelpe og motivere elevar i den norske skulen.
- Undersøkinga «Flerspråklighet i grunnskolen: elevers og læreres flerspråklige praksis og kompetanse» er gjennomført av Verian på oppdrag frå Språkrådet.
- Formålet er å få oppdatert kunnskap om korleis elevar og lærarar bruker og tek stilling til fleirspråklegheit i skulekvardagen.
- Eit stort fleirtal av elevane rapporterer om at det finst elevar i klassa som pratar andre språk enn norsk heime.
- Norsk er framleis det dominerande språket både heime og i vennekretsen, men bruken av andre språk, særleg engelsk og austeuropeiske språk, har auka over tid.
- Bruk av ord frå andre språk og veksling mellom ulike språk i same setning er vanleg blant elevar på tvers av alle klassetrinn.
- Haldningane til fleirspråklegheit er positive og nyanserte blant både elevar og lærarar.
- Eit stort fleirtal av lærarane opplever utfordringar knytte til elevar som ikkje har norsk som fyrstespråk.
- Ein del elevar har opplevd negative kommentarar om språk.