Nettseminar: Norsk fagspråks betydning for tilgang til kunnskap

Kva rolle spelar språk for tilgang til og tillit til kunnskap? På dette nettseminaret set vi søkjelys på kva eit velfungerande norsk fagspråk har å seie for at kunnskap skal kunne bli delt og formidla effektivt, både til studentar til alle andre som treng det i samfunnet.
Tidspunkt: 14. oktober 2026 kl. 10.00–11.00
Stad: Digitalt
Om arrangementet
Nettseminaret er knytt til Konferanse for høgare utdanning 2026, som Nokut og Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) arrangerer 13. oktober.
Meir informasjon og program kjem etter kvart, men du kan melde deg på allereie no.
Om nettseminaret
Saman med Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir), Fagspråksenteret og Termportalen ved Universitetet i Bergen og Senter for norsk fagspråk i bruk ved Universitetet i Oslo arrangerer Språkrådet jamlege nettseminar om norsk fagspråk i høgare utdanning. I seminara inviterer vi til utforsking og samtalar om korleis språk bidreg til kvalitet i utdanninga.
Nettseminara er meint som ei hjelp til å følgje opp den nye universitets- og høgskulelova som tok til å gjelde i 2024, og handlingsplanen for norsk fagspråk i akademia som kom i 2023.