Nettseminar: Fagspråk som pedagogisk verkemiddel

Korleis kan fagspråk og terminologi tene som pedagogisk verkemiddel i høgare utdanning?
25. august kl. 10.00–11.00 arrangerer Språkrådet nettseminar om dette temaet saman med Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir), Senter for norsk fagspråk i bruk ved Universitetet i Oslo og Termportalen og Fagspråksenteret ved Universitetet i Bergen. Ein sentral veg til kunnskap i eit fag går gjennom fagspråket og terminologien – det fagspråklege ordforrådet. Til dette seminaret har vi derfor samla eit knippe innleggshaldarar som drøftar og gir eksempel på korleis ein kan arbeide med fagspråk og terminologi på måtar som støttar opp under læringa til studentane.
Førebels program
- Ragnhild Irene Klæboe Jacobsen, førsteamanuensis i biologi og forskar ved Kavli‑institutt for nevrovitskap ved NTNU fortel om arbeidet med å utvikle ein engelsk‑norsk termbase for dyrefysiologi og korleis ein slik termbase kjem studentane og internasjonalt tilsette til gode.
- Marita Kristiansen førsteamanuensis og leiar for Fagspråksenteret ved Universitetet i Bergen tar opp kva rolle terminologien spelar i innlæringa av eit fag, og kva for pedagogiske gevinstar ein kan få ved å vektlegge kunnskap om termar og omgrep i undervisninga.
- Nina Øglænd Johnsen, utdannings- og læringsmiljøpolitisk ansvarleg i Norsk studentorganisasjon (NSO) tar opp problemstillingar knytte til fagspråk, terminologi og undervisning frå studentane sitt perspektiv.
Programmet blir truleg oppdatert med ein innleggshaldar til.
Frå ca. 10.40 blir det panelsamtale med innleggshaldarane leia av Guro Nore Fløgstad, professor ved Universitetet i Søraust-Noreg og forskar ved Senter for norsk fagspråk i bruk ved Universitetet i Oslo. Det blir høve til å stille spørsmål til paneldeltakarane.
Tidspunkt: 25. august 2026 kl. 10.00–11.00
Stad: Digitalt
Om nettseminaret
Saman med Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir), Fagspråksenteret og Termportalen ved Universitetet i Bergen og Senter for norsk fagspråk i bruk ved Universitetet i Oslo arrangerer Språkrådet jamlege nettseminar om norsk fagspråk i høgare utdanning. I seminara inviterer vi til utforsking og samtalar om korleis språk bidreg til kvalitet i utdanninga.
Nettseminara er meint som ei hjelp til å følgje opp den nye universitets- og høgskulelova som tok til å gjelde i 2024, og handlingsplanen for norsk fagspråk i akademia som kom i 2023.