Hopp til hovedinnhold

To senter for fagspråk blir opna denne hausten


To nasjonale senter for fagspråk blir etablerte ved Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen. Formålet er å styrkje norsk språkvitskap og norsk fagspråk på lengre sikt.

Folk frå akademia, forvaltninga og media var til stades for å feire opninga av Senter for norsk fagspråk ved Universitetet i Bergen den 24. oktober 2025. Formålet med dette senteret er å styrkje språkvitskaplege disiplinar og norsk fagspråk i utdanninga, arbeidslivet og samfunnet.

Senteret skal mellom anna forske på mange av dei små språkvitskapane, til dømes terminologi og fagspråk, leksikografi og allmennspråk, namnegransking og språkteknologi.

Daniel Ims, avdelingsdirektør i Språkrådet, var til stades under opninga og heldt ei helsing frå Språkrådet til det nye senteret. Han kan rapportere om mange glade fjes.

Daniel Ims under opninga i Bergen

– Dette er eit kjempeløft. Det er viktig både for forvaltninga og samfunnet å ha eit forskingsmiljø som arbeider med kunnskapsutvikling innanfor språkdisiplinane.

Til dømes har alle kommunar eit ansvar for å forvalte stadnamn, men det blir knapt utdanna stadnamngranskarar. Disiplinane terminologi og leksikografi er òg under press, sjølv om dei er viktige for samfunnet vårt.

Arbeid over lang tid

På mange hald er det i lengre tid gjort arbeid for å få etablert eit slikt forskingsmiljø. I 2019 viste ein rapport som regjeringa bestilte, at Kunnskapsdepartementet burde gå inn for å støtte utsette humaniorafag, slik som små språkfag.

I 2023 laga Telemarksforsking ein rapport på oppdrag frå Språkrådet. I rapporten blei det peikt på at det burde opprettast eit fag- og utviklingsmiljø for dei små språkfaga. Det same året la regjeringa fram ein handlingsplan for norsk fagspråk i akademia, der eitt av tiltaka var å sikre berekraftige miljø i norsk språkvitskap.

Dette resulterte i at Forskingsrådet lyste ut pengar til eit senter for fagspråk. Universiteta i både Bergen og Oslo søkte. Det vart bestemt at løyvinga skulle delast i to, og det blir delt ut 120 millionar til dei to sentera over åtte år. Medan senteret i Bergen skal forske på mange av dei små disiplinane, skal senteret i Oslo forske på mellom anna språkteknologi, fagspråk i forsking og utdanning og fagspråk i demokratiet og forvaltninga. Senteret i Oslo opna formelt den 4. desember.

– Språkrådet har arbeidd for dette lenge, og vi er kjempeglade for at dei to sentera er på plass. Vi håpar sjølvsagt at desse satsingane blir permanente når dei åtte åra har gått, seier Ims.

Sentera kjem også til å tilby vidare- og etterutdanning i mange av faga dei skal forske på.

– Desse utdanningsløpa vil vera tilpassa behovet som samfunnet har i dag. Til dømes er den tradisjonelle terminologien i endring. Det er mange som arbeider med terminologi på nye måtar, det gjeld mellom anna dei som arbeider med digitalisering i statsforvaltninga. Så desse utdanningsløpa kjem til å vera svært relevante for tilsette i det offentlege.