Kva om ChatGPT skreiv lærebøkene? Ein konferanse om læremiddel i skulen

Torsdag 27. november arrangerer KS og Språkrådet ein nasjonal konferanse om læremiddel i grunnopplæringa.
Elevar i norske klasserom les tekstar på skjerm og papir. Tekstane dei les, er laga av forfattarar, læremiddelprodusentar og no også språkmodellar. Innovasjonar, reguleringar, stram kommuneøkonomi og stadig kraftigare språkmodellar kan gjera det vanskeleg for lærarar, andre skulefolk, forleggarar og læremiddelprodusentar å få oversyn over læremiddelsituasjonen. Korleis kan vi sikre at lærarane og elevane har tilgang på gode nok læremiddel?
Riksrevisjonen la nyleg fram sin rapport om læremidla i grunnopplæringa. I rapporten kjem det fram at ein av fem lærarar meiner dei ikkje har dei læremidla dei treng. Men kva inneber det? Kva treng dei?
Med denne konferansen ønskjer vi å gje aktuelle aktørar betre innsikt i læremiddelsituasjonen for elevar, lærarar og styresmakter. Vi får innlegg frå fagfolk på ulike felt, men vi vil òg løfte fram stemmer frå klasserommet og frå kommunen.
Førebels program
Del 1: Kva er stoda?
Nina Jenseløkken, seniorrådgivar i Riksrevisjonen
Hedda Børgesen Bråten, nestleiar i Elevorganisasjonen
Thom Jambak, nestleiar i Utdanningsforbundet
Helge Eide, områdedirektør for Samfunn, velferd og demokrati i KS
Del 2: Korleis blir digitale løysingar til?
Øystein Nilsen, avdelingsdirektør i avdeling for digitale tenester i Utdanningsdirektoratet
Hanne-Mari Bennett, forlagsdirektør i Gyldendal Norsk Forlag
Lene Karin Wiberg, spesialrådgivar i KS
Silje Stokke Beilegaard, digitalrådgivar i seksjon for kompetanse og pedagogisk utvikling i Vestfold fylkeskommune
Del 3: Kva om ChatGPT skreiv lærebøkene?
Anniken Sundby, førsteamanuensis ved Universitetet i Søraust-Noreg
Matias Jentoft og Dagfinn Rødningen, seniorrådgivarar i Språkrådet
Kresten Bjerg, kommunikasjonsrådgivar, forfattar og undervisar i skriftleg formidling
Vi tek atterhald om endringar og kan avsløre at vi jobbar med å få på plass eit innlegg frå ein mindre læremiddelleverandør i del 2 og ein post der lærarar fortel om sin praksis, i del 3. Programmet blir oppdatert med fleire spanande punkt, så følg med på denne sida!
Arrangementet er gratis, og det blir enkel servering.
Stad: Aulaen på Oslo katedralskole. Konferansen blir i tillegg strøymd.
Tid: Torsdag 27. november 2025, 09.00–16.00
Kontaktinformasjon
Språkrådet: Vigdis Arnesen, telefonnummer 96 94 16 47
KS: Pål Thygesen, telefonnummer 97 50 97 23