Hopp til hovedinnhold

Råd om korleis du kan bruke KI i skrivearbeidet

I takt med at kunstig intelligens (KI) blir ein meir integrert del av kvardagen, aukar også behovet for retningslinjer og støtte for skribentar i det offentlege. Språkrådet i Sverige har derfor utforma nokre råd til alle som skal bruke KI i skrivearbeidet.  


AV TORUNN REKSTEN
(Publisert: 19.6.25)

– Råda er eit svar på eit stadig større trykk frå kommunar og statsorgan som vende seg til oss med spørsmål om korleis KI kunne brukast som støtte i klarspråksarbeid, fortel Gabriella Sandström i Språkrådet i Sverige.

Ei praktisk tilnærming

– Vi hadde lite eller ingen kompetanse på dette området, men vi såg raskt potensialet og byrja å samle erfaringar frå andre. Det passa også godt å ta inn desse råda som eit tilleggselement i det eksisterande verktøyet «Klarspråkshjälpen», som hjelper skribentar å skrive tekstar i klart språk, seier Gabriella.

I staden for å sette i gang eit stort prosjekt, valde Språkrådet i Sverige å utvikle råda basert på allereie eksisterande sjekklister, t.d. for lettlesne tekstar, og innspel frå skrivepedagogar og tekstforskarar. Språkrådet har òg henta inn erfaringar frå offentlege organ som har utvikla eigne klarspråksapplikasjonar, t.d. Region Stockholm.

– På den måten vart vegen frå idé til produkt kortare. Perfekt er det sjølvsagt ikkje, men vi prioriterte å tilby noko raskt. Målet var dessutan ikkje å lage eit ekspertverktøy, men noko som kan hjelpe brukarar i gang med å nytte KI som eit verktøy i skrivearbeidet, forklarer Gabriella.

Verktøyet er altså meint som ei grunnleggande støtte og inneheld mellom anna konkrete råd om korleis ein kan bruke KI som sparringspartnar, til å forbetre ein eksisterande tekst og til å skrive samandrag av tekstar.

Ansvar for teksten

Råda inneheld også nokre åtvaringar.

– Ansvaret for kvaliteten på språket og innhaldet i ein tekst ligg alltid hos skribenten, og det har vi presisert tydeleg, seier Gabriella.

Eit verktøy i utvikling

Verktøyet er ikkje ferdig. Språkrådet i Sverige vil gjerne ha innspel frå brukarar, og dei planlegg ei undersøking av korleis KI faktisk blir brukt i klarspråksarbeid.

– Vi vil gjerne høyre frå offentlege skribentar i Noreg også! seier Gabriella.

Her finn du råda: Ta hjälp av AI | Institutet för språk och folkminnen

Innspel kan du sende til klarsprak@isof.se.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.