Universitets- og høgskule­sektoren må setje arbeidet med norsk terminologi i system

No image

(24.4.24) Gjennom fleire tiltak dei siste åra har politikarane meldt klart ifrå at sektoren må setje arbeidet med norskspråkleg terminologi i system. Nå er tida inne for at sektoren utfører oppdraget.

Innlegg i Khrono
Av Åse Wetås, direktør i Språkrådet

Regjeringa har nettopp lyst ut 120 millionar kroner for å opprette eit senter for styrking av norsk språk. Ein del av denne satsinga gjeld forsking på og undervisning i faget terminologi. Men Noreg treng òg terminologi på det praktiske planet; det må utviklast norsk terminologi innanfor alle fagfelt for at det norske språket skal halde tritt med utviklinga i samfunnet. Og denne terminologien er det fagmiljøa som må utvikle.

Skal Noreg kunne ha ein brei og opplyst offentleg debatt om komplekse samfunnsutfordringar, treng vi eit oppdatert norsk fagspråk. Og grunnlaget for det norske fagspråket er det faglege ordforrådet — terminologien. Utan komplett og oppdatert terminologi blir ikkje det norske fagspråket eit godt verktøy for kunnskapsformidling.

Den aukande bruken av engelsk i forsking og høgare utdanning har sett norsk fagspråk under press. Dette har norske politikarar teke inn over seg. Sidan 2009 har vi hatt ei lovføresegn om at universitet og høgskular har ansvar for å halde ved like og vidareutvikle norsk fagspråk. Og fordi terminologi er avgjerande for fagspråket, vart det understreka i lovforarbeida at ansvaret òg omfattar systematisk terminologiarbeid.

Universiteta og høgskulane er i dag langt unna å oppfylle krava i lovverket. I ei spørjeundersøking som Rambøll gjennomførte for Språkrådet og Termportalen ved Universitetet i Bergen i 2022, svara 47 prosent av dei vitskapleg tilsette som deltok, at det manglar norske fagtermar i faget deira i nokon eller større grad. Det finst enkelte fagmiljø som utviklar terminologi systematisk, men arbeidet dekkjer på langt nær alle fag, og det er ofte sårbart fordi det manglar forankring ved institusjonane og er avhengig av enkeltpersonar, også kalla eldsjeler.

Det som trengst, er eit systematisk terminologiarbeid som omfattar alle fag, og som institusjonane tek eigarskap til.

Slik kan universiteta og høgskulane lykkast med det systematiske terminologiarbeidet:

  • Det må vere eit leiaransvar å sørgje for at arbeidet blir gjort på kvart fagområde, i staden for at prioriteringa blir overlaten til dei enkelte fagfolka. Ansvaret for terminologi må speglast i strategiar og andre relevante styringsdokument ved institusjonane.
  • Institusjonane må utvikle gode måtar å samarbeide om terminologiutvikling på. Samarbeid er avgjerande for at terminologien skal vere einskapleg og ha legitimitet på tvers av sektoren.
  • Institusjonane må gjere terminologien tilgjengeleg i Termportalen. Da kan terminologien bli kjend og teken i bruk av alle som brukar fagspråket.
  • Institusjonane må gje dei tilsette utteljing for terminologiarbeid i samband med opprykk og meritteringsordningar, og det må vere rom for å setje av tid til terminologiarbeid i dei individuelle arbeidsplanane.
  • Terminologiutviklinga må omfatte både bokmål og nynorsk. Nynorsk fagspråk er i ein enda meir utsett situasjon enn fagspråket på bokmål, og studentar som brukar nynorsk, må få møte språket sitt i utdanninga på lik linje med studentar som brukar bokmål.

Dei siste åra har det blitt gjort fleire politiske grep for å stimulere til terminologiutvikling i universitets- og høgskulesektoren. Sidan 2021 har den norske staten blant anna finansiert utviklinga av ein nasjonal portal for terminologi — Termportalen ved Universitetet i Bergen. I Termportalen kan studentar, vitskapleg tilsette og andre som treng fagtermar, søkje fram norske og engelske fagtermar på ei rekkje fagområde i eit felles søkjefelt. Fagmiljø kan òg få høve til å publisere terminologi frå fagfeltet sitt i portalen. Sjølv om Termportalen dekkjer ein del fag og er i vekst, trengst det ein mykje større innsats frå sektoren om det skal finnast tilgjengeleg norsk terminologi på alle fagområde.

Handlingsplanen for norsk fagspråk som vart lagd fram av regjeringa i fjor, inneheld tiltak for at universiteta og høgskulane skal utvikle norsk terminologi og publisere han i Termportalen. Og i forarbeida til den nye universitets- og høgskulelova som tek til å gjelde 1. august i år, blir det understreka at institusjonane skal arbeide langsiktig og systematisk med terminologi og bidra til utviklinga av Termportalen. I tildelingsbreva til universiteta og høgskulane for 2024 varsla Kunnskapsdepartementet at arbeidet med norsk fagspråk i sektoren skal evaluerast i 2025.

Sektoren har altså fått ein tydeleg marsjordre om å setje i gang ei systematisk satsing på norsk terminologi. I satsinga bidreg Termportalen mellom anna med infrastruktur for publisering, ein arbeidsmetode som fagmiljøa kan følgje, og rettleiing til dei som skal i gang.

Eit velfungerande norsk fagspråk — med komplett og oppdatert terminologi — legg til rette for eit opplyst offentleg ordskifte. Når universiteta og høgskulane utviklar norsk terminologi, byggjer dei med andre ord infrastruktur for det norske demokratiet. Alt ligg til rette for at 2024 blir året da universitets- og høgskulesektoren endeleg set arbeidet med norsk terminologi i system.

25. april arrangerer Språkrådet, Termportalen og Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse nettseminar om korleis universiteta og høgskulane — og dei enkelte fagmiljøa — kan løyse oppdraget dei har fått med å utvikle norsk terminologi og gjere han tilgjengeleg i Termportalen.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:24.04.2024 | Oppdatert:25.04.2024