Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Språkstrategiar i universitets- og høgskolesektoren

Språkrådet skal følgje opp den norske språkpolitikken. I universitets- og høgskolelova er institusjonane pålagde å bruke, utvikle og styrke norsk fagspråk (§ 2-3). I forarbeida til lova er individuelt tilpassa språkstrategiar ein av føresetnadane for å oppfylle dette ansvaret.


Språkrådet arbeider for at universitet og høgskolar skal gjere medvitne språkval i situasjonar der to eller fleire språk møtest. Medvitne og systematiske språkval føreset at institusjonane utarbeider eigne språkstrategiar, også kalla språkpolitiske retningsliner.

Handlingsplanen for norsk fagspråk i akademia

Kunnskapsdepartementet, saman med Kultur- og likestillingsdepartementet, har lansert Frå ord til handling. Handlingsplan for norsk fagspråk i akademia (2023). Planen inneheld 21 tiltak for å styrke norsk fagspråk og omtaler også språkpolitiske retningsliner.

Rettleiing til arbeidet med ein språkstrategi

• Styret i Universitets- og høgskolerådet har vedtatt ei språkpolitisk plattform som skal leggjast til grunn i utarbeidinga av språkstrategiar.
• Rapporten More parallel, please! Sprogbrug i internationaliseringsprocesser frå ei nordisk gruppe for parallellspråklegheit gir elleve tilrådingar for parallellspråkbruk ved nordiske universitet og høgskolar.
• Prinsippet om parallellspråkbruk ligg til grunn for arbeidet med språkstrategiar.

Vegen frå språkstrategi til handling

• Språkrådet har utarbeidd ein vegvisar for korleis språkstrategiane kan gjennomførast i praksis.
• Språkrådet har òg utarbeidd praktiske tips om korleis språklege dilemma kan løysast i arbeidskvardagen.
• Termportalen ved Universitetet i Bergen har utarbeidd ein arbeidsmetode for terminologiarbeid, dvs. korleis fagmiljø ved universitet og høgskolar kan arbeide med å utvikle norsk fagterminologi.

Fant du det du lette etter?