Hopp til hovedinnhold

Vil du leie kommunikasjonsarbeidet i Språkrådet?


I Språkrådet har vi ledig stilling som kommunikasjonssjef. Som tilsett i denne stillinga får du hovudansvaret for kommunikasjonsarbeidet i Språkrådet, og du vil vere fagleiar for kommunikasjonsmedarbeidarane.

Vi ønskjer oss ein kommunikasjonssjef som skal drive strategisk og operativt kommunikasjonsarbeid med utgangspunkt i strategiane og måla til Språkrådet.

Kommunikasjonssjefen skal samarbeide tett med direktøren og stabssjefen og møter i leiargruppa ved behov.

Vi ønskjer oss ein kommunikasjonssjef som har høgare utdanning med kommunikasjonsfag i fagkrinsen. Relevant arbeidserfaring kan vege opp for manglande formalkompetanse.

Vi ser etter ein person som er strategisk dyktig og svært god til å samarbeide. Det er viktig at du kan arbeide overordna og heilskapleg, og at du kan setje deg raskt inn i store fagsaker. 

Om arbeidsgiveren

Språkrådet er statens forvaltningsorgan i språkspørsmål og følgjer opp den norske språkpolitikken på oppdrag frå Kultur- og likestillingsdepartementet. Vi held til sentralt i Oslo og har rundt 40 tilsette. Vi arbeider for å styrke det norske språket og språkmangfaldet i Noreg.