Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Til lukke med ny språklov


Torsdag 25. mars handsama Stortinget regjeringas framlegg til ny språklov. Med denne lova får Noreg si første heilskaplege språklov, som skal fremje norsk språk på alle samfunnsområde og styrkje og verne alle dei offisielle språka i Noreg.

I ordskiftet på Stortinget la mange vekt på den styrkte rolla Språkrådet vil få med denne lova.

– Formaliseringa av Språkrådets rolle som forvaltningsorgan er viktig for oss. Me gler oss til det vidare arbeidet, seier direktør i Språkrådet Åse Wetås.

Andregongshandsaming av lova i Stortinget er planlagd til 8. april.