No kan du nominere årets nynorskkommune 2024
Kultur- og likestillingsdepartementet skal dele ut prisen «Årets nynorskkommune» 2024. Prisen, som er på 200 000 kroner, går til ein kommune eller fylkeskommune som tar særleg godt vare på det nynorske skriftspråket.
Juryen vil prioritere kommunar eller fylkeskommunar som viser til
- aktiv bruk og synleggjering av nynorsk i (fylkes)kommunale planar, kommunikasjonsarbeid og kulturarbeid
- eigne retningsliner for nynorskbruk i (fylkes)kommunen og opplæringstilbod for tilsette
- tiltak som fremjar bruk av nynorsk i næringslivet
- opplæringstilbod for innvandrarar og flyktningar på nynorsk
- tidleg nynorskinnsats i barnehagar og barneskule
- tiltak som utvidar bruken av nynorsk eller fremjar bruken av nynorsk på nye område
I år vil juryen leggje særleg vekt på korleis kommunane sikrar at innvandrarar og flyktningar får eit godt tilbod for opplæring i og på nynorsk.
I juryen sit også representantar for Nynorsk kultursentrum, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Noregs Mållag og KS.
Kven som helst kan nominere
Alle som er nøgde med nynorskarbeidet i ein kommune eller fylkeskommune, kan føreslå ein kandidat til prisen. Det er fullt mogeleg å nominere kommunar og fylkeskommunar som har vore med i tevlinga før. Språknøytrale kommunar kan òg nominerast.
Fristen for å nominere kommunar og fylkeskommunar er 15. september 2024. Prisen skal delast ut av Kultur- og likestillingsministeren 21. oktober i Oslo.
Kontakt: juryleiar Margrethe Kvarenes, tlf. 94 89 47 89