Kven bør blir årets nynorskkommune 2021?
Kulturdepartementet skal kåre vinnaren av prisen «Årets nynorskkommune» 2021. Prisen, som er på 100 000 kroner, går til ein kommune eller fylkeskommune som tar særleg godt vare på det nynorske skriftspråket.
Juryen vil prioritere kommunar og fylkeskommunar som viser til
- aktiv bruk og synleggjering av nynorsk i kommunale planar, kommunikasjonsarbeid og kulturarbeid
- eigne retningsliner for nynorskbruk i kommunen og opplæringstilbod for tilsette
- tiltak som fremjar bruk av nynorsk i næringslivet
- opplæringstilbod for innvandrarar og flyktningar på nynorsk
- tidleg nynorskinnsats i barnehagar og barneskule
I tillegg vil juryen i år sjå positivt på kommunar og fylkeskommunar som har gjort ein ekstra innsats for å skaffe elevane sine nynorske læremiddel og læringsressursar, både digitale og analoge.
– Mange nynorskelevar møter språket sitt i for liten grad i skulen. Kommunane er skuleeigarar og har ansvar for å sikre at elevane i grunnskulen får oppfylt dei språklege rettane sine. Vi ynskjer å premiere ein kommune som tar dette ansvaret på alvor, seier seksjonssjef i Språkrådet Margrethe Kvarenes. Ho leier juryarbeidet på vegner av Kulturdepartementet.
Kven som helst kan nominere
Alle som er nøgde med nynorskarbeidet i ein kommune eller fylkeskommune, kan føreslå ein kandidat til prisen. Det er fullt mogeleg å nominere kommunar og fylkeskommunar som har vore med i tevlinga før. Språknøytrale kommunar kan òg nominerast.
I fjor var det Voss herad som vann prisen. Heradet kunne vise til systematisk og solid arbeid med nynorsken på fleire område, og til klar og tydeleg informasjon på nynorsk under koronakrisa, som var tema for fjorårets pris.
I juryen sit Språkrådet og representantar for Nynorsk kultursentrum, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Noregs Mållag og KS.
Fristen for å nominere kommunar og fylkeskommunar er 20. september 2021.
Kontakt: juryleiar Margrethe Kvarenes, tlf. 94 89 47 89