Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Blir alt verkeleg tøffare på engelsk?


Akademia gjev senter og institutt fikse og kryptiske engelske namn. Det er vanskeleg å sjå dei gode grunnane til slik namngjeving.

Forskingssentera dScience, ENgage, School of Management og ExcITEd. «Innovasjonsdistriktet» Oslo Science City. Ein skal ikkje leita lenge for å finna fiks, men forvirrande namnelaging i den norske sektoren for høgare utdanning. Signala er tydelege: Norsk språk duger ikkje. Og det er tydelegvis heilt greitt å bryta norsk lov.

Språkpolitikken gjeld òg akademia

Det offentlege har ei særleg plikt til å styrkja, bruka og utvikla norsk språk, og dei offentlege institusjonane våre skal gjera seg tilgjengelege for ålmenta ved å kommunisera på eit språk som er klart, korrekt og brukartilpassa. Dette har lenge vore sentrale mål i den norske språkpolitikken, som gjeld alle sektorar. Men i 2021 er desse pliktene også tekne med i Noregs første heilskaplege språklov. Høgskular og universitet kan ikkje halda seg med ein annan språkpolitikk enn den det norske Stortinget har vedteke. Og dei akademiske institusjonane må sjølvsagt òg følgja norsk lov på språkfeltet.

Alt tidleg på 2000-talet såg me teikn til at somme delar av den høgare utdanningssektoren i Noreg var i ferd med å mista grepet om arbeidet med å styrkja og utvikla hovudspråket vårt. I staden tok dei meir og meir i bruk engelsk som publiseringsspråk, pensumspråk og arbeidsspråk, og det fanst ingen overordna planar som styrte språkvala. Difor blei føremålsparagrafen i universitets- og høgskulelova i 2009 utvida med ein eigen bokstav om den plikta akademia har til å utvikla og styrkja norsk fagspråk på alle fagområde, og difor blei institusjonane òg oppmoda om å laga språkpolitiske handlingsplanar.

Norsk taper terreng

I dag ser me at norsk stadig taper terreng som pensumspråk, at nærare 50 % av masteroppgåvene blir skrivne på engelsk, og at svært mange studentar manglar opplæring i det norske fagspråket dei skal bruka i yrkessamanheng. Preferansen for engelsk i alle delar av akademia ser først og fremst ut til å henga saman med insentivsystema i sektoren. Men namneval som ExcITEd og dScience tyder på at det i tillegg er språklege haldningsproblem i delar av sektoren, og at somme stadig ser ut til å tru at alt blir tøffare på engelsk.

Kvifor skal avdelingar, institutt og forskingssenter ved norske utdanningsinstitusjonar ha fikse (eller litt rare) engelskklingande namn i staden for norske? Dei akademiske institusjonane våre hentar både tilliten sin og finansieringa si frå fellesskapet, og dei er statsorgan som ligg direkte under det norske Kunnskapsdepartementet. Dermed burde det ikkje vera nødvendig å måtta argumentera for at dei både har ei plikt og ei openberr eigeninteresse i å bruka norsk. Innbyggjarane skal kunna kikka statlege verksemder i korta, og staten skal ikkje gjera seg språkleg utilgjengeleg for oss. Det er sjølvsagt ingen ting i vegen for at verksemdene i tillegg har engelske namneversjonar til bruk i møte med internasjonale kontaktar. Men det bør sitja langt inne for institusjonane å påstå at norske institutt- og senternamn i seg sjølv hindrar dei i å vera med på den internasjonale kunnskapsteigen.

Oslo Science City endå ein gong

I desse dagar tek Språkrådet på ny opp spørsmålet om namnet Oslo Science City med styreleiar og rektor ved Universitetet i Oslo, Svein Stølen. Slik det blir marknadsført, skal Oslo Science City brukast som namn på eit «innovasjonsdistrikt» som skal strekkja seg frå Ullevål og Gaustad via Blindern og ned til Majorstua.

Dette namnevalet kjem i konflikt med pliktreglane i den nye språklova og med hovudmåla i den gjeldande språkpolitikken. Som Språkrådet fleire gonger har peikt på, vil namnevalet òg komma i strid med namnevernparagrafen i den norske stadnamnlova. Stadnamn er ein del av den immaterielle norske kulturarven, og dei har like stor verdi som vikingskipa og stavkyrkjene våre. Dei er kulturell felleseige, og lovverket vårt skal sikra at dei ikkje går tapt i møte med kortsiktige særinteresser.

Dei engelskklingande namnelagingane er eit uttrykk for kunnskapsløyse og mangel på respekt for lovverket på språkfeltet. Me bør ikkje akseptera at dei fremste kunnskapsinstitusjonane våre vel bort norske namn og på den måten bidreg til å gje innbyggjarane i landet vårt dårleg språkleg sjølvtillit.