Hopp til hovedinnhold

Vi har nye nettsider, og nokre av dei er framleis under arbeid. Ser du feil eller manglar? Ta kontakt med nettredaktøren.

Åse Wetås held fram som språkdirektør


– Eg gler meg til å ta fatt på ein ny periode med store språkpolitiske ambisjonar, seier Wetås, som er tilsett for ein ny åremålsperiode på seks år.

Direktøren i Språkrådet seier at det er mykje kjekt som skal skje framover nå som vi har fått ei ny språklov.

– Eg ser fram til å arbeide vidare med ein gjeng med skikkeleg fine fagfolk i Språkrådet.

Kultur- og likestillingsminister Abid Raja er glad for at Wetås har takka ja.

– I april vedtok Stortinget ei ny språklov. Språkrådet skal bidra til at lova blir etterlevd, og at språkpolitikken blir følgt opp som sektorovergripande politikkområde. Åse Wetås har solid fagleg kompetanse og erfaring som gjer at ho er rett person til å leie dette viktige arbeidet, seier han i ei pressemelding på regjeringa.no.