Hopp til hovedinnhold

Klarspråksprisane

Velkomen til fagseminar om klarspråk, demokrati og digitalisering – med utdeling av klarspråksprisane!

Tid: onsdag 15. mai kl. 09:00–12:00
Stad: Økern Portal, Oslo. Arrangementet blir også strøymt.
Her kan du melde deg på arrangementet.

Lær av dei beste! Vinnarane av klarspråksprisane kjem for å fortelja korleis dei har lukkast med klarspråksarbeidet, og statsråd Karianne Tung kjem for å dele ut prisane.

Vi les mindre for barna våre enn før, og leseferdigheitene i skulen går nedover. Kan det føre til meir utanforskap og mindre deltaking? Trine Skei Grande, administrerande direktør i Den norske Forleggarforeininga, reflekterer rundt lesing, leselyst og leseevner.

Hausten 2023 var det kommuneval i Noreg. NRK hadde eit eige valprosjekt der dei jobba med å integrere NRKs store språkoppdrag i valinformasjonen. Prosjektet vann kringkastingssjefens språkpris, og juryen skriv mellom anna at «å kunne bruke sitt eget språk i det samfunnet vi bor i, handler om tilgang til demokrati og deltakelse for hver enkelt av oss». Høyr meir om korleis NRK arbeidde med klart og forståeleg språk på alle plattformer.

Forfattar Maria Kjos Fonn fortel korleis det er å vera mottakar av offentlege tekstar som kan utøve makt. Korleis kjennest det å bli vurdert av ein behandlar, og korleis kan ein behandlar skrive tekstar utan å dømme eller plassere ansvaret hjå pasienten?

Programmet blir leidd av forfattar og samfunnsdebattant Irene Kinunda Afriyie. Afriyie er mellom anna gjestekommentator i Bergens Tidende, og ho er kjent for kampanjen «Irenes valg» der ho oppmoda folk til å bruke stemmeretten i stortingsvalet i 2021.

Hovudprisen for staten

Prisen går til eit statleg organ som har gjennomført ein ekstraordinær klarspråksinnsats, som gjeld både bokmål og nynorsk. Statsorgan betyr i denne samanhengen statlege forvaltningsorgan og helseføretak.

Eit godt og planmessig arbeid for å oppfylle føresegnene i språklova som gjeld bruk av bokmål og nynorsk, vil telje positivt.

Hovudprisen for kommunar og fylkeskommunar

Prisen går til ein kommune eller fylkeskommune som har gjennomført ein ekstraordinær klarspråksinnsats.

Eit godt og planmessig arbeid for å oppfylle føresegnene i språklova som gjeld bruk av bokmål og nynorsk, vil telje positivt.

Temaprisen

I tillegg til hovedprisane kan det delast ut ein temapris. Føremålet med temaprisen er å stimulere til aktivitet på spesielle område.

Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet, Digitaliseringsdirektoratet, Språkrådet og KS vurderer fra år til år om det skal delast ut ein temapris.

Retningsliner for klarspråksprisane

Årets trekkhund

Utmerkinga «Årets trekkhund» vart delt ut frå 2014 og fram til 2020. Utmerkinga har gått til ein enkeltperson som har gjort ein ekstraordinær innsats i klarspråksarbeidet i forvaltninga. Med denne utmerkinga har eldsjelene blitt heidra. «Årets trekkhund» er ein person som motiverer andre og oppnår gode resultat som pådrivar for eit systematisk klarspråkarbeid.

Juryen

Desse sat i juryen for klarspråksprisane i 2023:

  • Audhild Gregoriusdotter Rotevatn (juryleiar), administrerande direktør i Viti
  • Johan Tønnesson, professor i retorikk og språkleg kommunikasjon ved Universitetet i Oslo
  • Jenny Følling, ordførar i Sunnfjord kommune (representant for fjorårsvinnarane)
  • Henning Aarset, direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt i Vestre Viken helseføretak