Ope dagskurs i nynorsk onsdag 20. juni 2018
(22.5.18) Språkrådet tilbyd eit ope dagskurs i nynorsk for statstilsette, med plass til 25 deltakarar. På kurset går vi gjennom dei viktigaste delane av formverket og stilideala i nynorsken.
Éin dag er ikkje mykje, og Språkrådet ventar difor ein viss forkunnskap i nynorsk. Ein god start er nettkurset vårt «Oi, på nynorsk!» For dei som ønskjer å øve meir, tilrår vi øvingsrommet vårt.
Som ein del av kursopplegget skal deltakarane sende inn sjølvskrivne tekstar før (innsendingsfrist: fredag 15. juni) og etter kursdagen. Dei får individuell tilbakemelding på begge tekstane.
Tid: onsdag 20.6.2018 kl. 8.30–15.30
Stad: lokala til Språkrådet (møterom 70), Observatoriegata 1 B (ved Solli plass) i Oslo
Ein enkel lunsj er inkludert, og kurset er gratis. Arbeidsgjevaren må dekkje eventuelle kostnader til reise og opphald.
Send påmelding til stat@sprakradet.no snarast råd. Skriv «Påmelding til ope nynorskkurs» i emnefeltet, og få med følgjande informasjon:
- fullt namn
- arbeidsstad/statsorgan
- stilling
- arbeidsområde
Om pågangen blir stor, blir statstilsette som arbeider med skriving for nettsider og sosiale medium, prioriterte. Vi bed deg difor kort fortelje kva arbeidsområde du har, i påmeldinga.
Har du spørsmål om kurset, kan du skrive til stat@sprakradet.no eller ringje Aksel Torsnes Mehlum på tlf. 22 54 19 68.