Språknytt nr. 1/2010

(24.3.10) I Språknytt nr. 1 kan du lese eit intervju med Tore Janson. Han meiner at det i det nærmaste hundreåret kjem til å forsvinne fleire språk enn nokon gong tidlegare. Samstundes trur han at sidan kommunikasjonen mellom folk aukar i heile verda, kjem dei fleste til å kunne meir enn eitt språk om to hundre år.

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

I dette nummeret er det ein artikkel om korleis datatermgruppa til Språkrådet kjem til å arbeide for å utvikle norske dataord. I ein annan artikkel kan du lese om gamle og nye stadnamn. Er det t.d. slik at å bu i Utsikten eller Liljevegen gjev høgare status enn om adressa er Guttua eller Lesseplassen? Dersom du lurer på kva for ord folk slår opp på i ordbøkene, kan du få svar i ein artikkel i dette nummeret, og i fall du har trudd at det berre er norske ungdommar som krydrar daglegtalen sin med engelske ord, kan du få det avkrefta i artikkelen «Skal dere party?».

Ergrar du deg over feil orddeling, er artikkelen «Tunfisk biter i vann» noko for deg. Interesserer du deg for korleis tv-program blir teksta, kan du lese ein artikkel om undersøkinga Språkrådet har gjort av kvaliteten i tv-tekstinga. Har du stussa over måten ordet folkemål har vorte brukt på gjennom norsk språkhistorie, bør du lese artikkelen om språkpolitikken til Arbeidarpartiet.

Dette nummeret inneheld dessutan ein artikkel om revisjonen av nynorskrettskrivinga, og ein omtale av Språkstatus 2010, den første årlege rapporten frå Språkrådet om språkstoda i landet.

Som vanleg inneheld Språknytt dei faste spaltene Lesarspørsmål, Nyord, Med andre ord, Klipp, Språkbrukaren og Historia bak.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:24.03.2010 | Oppdatert:19.11.2021